Torunn Lauvdal (fødd 30. april 1947 i Marnardal) er dr.polit., professor og var rektor ved Universitetet i Agder fra 2007 til 2015. Ho voks opp i Laudal, tok lærarutdanning i Kristiansand og var lærar nokre år. I 1983 tok ho hovudfag i pedagogikk ved NTNU i Trondheim, i 1993 tok ho doktorgrad på avhandlinga Pedagogikk, politikk og byråkrati - om statlig styring av grunnskolen og reformintensjoner i den statlige forvaltning på grunnskoleområdet 1969-1991. Ho har vore forskingskoordinator ved Arbeidsforskningsinstituttet og forskingssjef ved SINTEF. I 2002 kom ho tilbake til Kristiansand og vart leiar av Agderforskning. Denne stillinga hadde ho til 2007, då ho vart rektor ved Høgskolen i Agder, som like etter at ho vart tilsett, vart universitet.

Torunn Lauvdal
Fødd30. april 1947
Marnardal kommune
NasjonalitetNoreg
InstitusjonarUniversitetet i Agder

Torunn Lauvdal er spesialist på utdanningspolitikk og har mellom anna evaluert Reform 94 i eit forskingsprosjekt.

Bibliografi

endre

Kjelder

endre