SINTEF
SINTEF er eit forskningskonsern som sel forskingsbasert kunnskap og tilhøyrande tenester basert på innsikt i teknologi, naturvitskap, medisin og samfunnsvitskap. Det fulle namnet var, inntil ei vedtektsendring i 2007, «Selskapet for industriell og teknisk forskning ved Norges tekniske høgskole». I dag er SINTEF organisasjonens fulle namn. SINTEF er Skandinavias største forskingskonsern.[treng kjelde]
SINTEF | |
![]() | |
Selskapsform | stiftelse ![]() |
---|---|
Org.nr. | 948 007 029 |
Skipa | 26. januar 1950 |
Dotterselskap | Byggforsk, SINTEF Materialer og kjemi, Molab, Sintef Ocean, SINTEF Energi, Iku Petroleumsforskning As ![]() |
Bransje | forsking |
Land | Noreg ![]() |
Hovudkontor | Trondheim ![]() |
Styreleiar | Walter Qvam, Tore Ulstein |
Adm. direktør | Alexandra Bech Gjørv |
SINTEF er ei ikkje-kommersiell forskingsstifting med dotterselskap. Heile overskotet blir investert i laboratorium, vitskapleg utstyr og ny forsking.
Hovudkontoret ligg i Trondheim, men konsernet har òg ca. 350 tilsette i Oslo. I tillegg har SINTEF verksemd i Bergen, Stavanger, Ålesund, Tromsø og på Raufoss, og kontor i Houston, Texas (USA), Rio de Janeiro (Brasil), og laboratorium i Hirtshals i Danmark.
OrganiseringEndra
Konsernet består av stiftinga SINTEF samt forskingsakskjeselskapa MARINTEK, SINTEF Energi AS, SINTEF Fiskeri og havbruk AS og SINTEF Petroleumsforskning AS. I tillegg er SINTEF Holding etablert for å skilje aktivitet i grenseland mellom kommersiell verksemd og forsking ut frå kjerneverksemda.
SINTEF er organisert i følgjande konsernområde:
- SINTEF Byggforsk
- SINTEF IKT
- MARINTEK
- SINTEF Fiskeri og havbruk AS
- SINTEF Materialer og kjemi
- SINTEF Energi AS
- SINTEF Petroleumsforskning AS
- SINTEF Teknologi og samfunn
ReferansarEndra
- Denne artikkelen bygger på «SINTEF» frå Wikipedia på bokmål, den 10. november 2011.