Torus, sirkelring eller ankerring er ei «smultringforma» flate som skildrast av ein sirkel når han roterer om ein akse i planet til sirkelen som ikkje skjerer sirkelen.
Når avstanden til rotasjonsaksen minkar, vert torusringen ein torusspindel og så ei kule.
Matematisk kan ein lage ein torus ved:



der
- u, v ∈ [0, 2π),
- R er avstanden frå senteret av torusen til ytterkanten.
- r er radius av den vesle sirkelen
Vi ser av diagrammet til høgre at forholdet mellom R og r endrar utsjånaden på forma. R > r gjev ein torusring, R = r gjev eit torushorn og R < r gjev ein torusspindel.
Vi utleiar a og c:




Av dette får vi flateareal A og volumet V:

