Toscakake er ei skandinavisk kake som består av sukkerbrød med eit lokk av rista mandlar.[1]

Tosca er namnet på ein opera av Puccini som hadde premiere ved hundreårsskiftet 1900.[2] Operaen har truleg gjeve namnet til toscakaka, som opptrer i svenske kokebøker frå 1930-talet.[3] Den rådande enkle funkisstilen kan òg ha sett preg på bakverket,[2] som typisk ikkje er ekstra pynta.

Toscakaka blei omtalt i norske aviser frå 1940-talet av.[4]

Toscaglasuren kan også brukast på andre bakverk, som mindre toscapinnar,[5] toscaruter,[6] toscabollar[7] eller toscaeple.[8]

Kjelder endre

  1. «Toscakaka», ICA.se (på svensk), henta 18. oktober 2021 
  2. 2,0 2,1 skriver, Historiska bakverk-Graddbullerian se, Historien om några kända bakverk – Hembakningsrådet (på svensk), arkivert frå originalen 20. desember 2016, henta 18. oktober 2021 
  3. Vår bakbok: från ankarstock till ölandslimpa, 77 sorters kakor samt tårta på tårta, Prisma, 1999. ISBN 9789151836454. OCLC 186600681. 
  4. «Søk i Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 18. oktober 2021 
  5. «Grundrecept sju sorters kakor» (på svensk). dn.se. 10. april 2011. Henta 18. oktober 2021. 
  6. «Toscaruter», Oppskrift.no (på norsk), henta 20. oktober 2021 
  7. «Toscaboller», Det søte liv (på norsk), 14. november 2004, henta 18. oktober 2021 
  8. «Tosca-epler», Aperitif.no (på norsk), henta 20. oktober 2021 

Bakgrunnsstoff endre