For mandlane i svelget hjå menneske, sjå Tonsill.
Mandeltre
Mandeltre
Mandeltre
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Rosefamilien Rosaceae
Underfamilie: Amygdaloideae
Stamme: Amygdaleae
Slekt: Kirsebærslekta Prunus
Art: Mandeltre P. amygdalus
Vitskapleg namn
Prunus amygdalus

Mandel er frukta av mandeltreet (Prunus amygdalus) i rosefamilien. Mandel er eigentleg ei steinfrukt, men blir gjerne rekna som ei nøtt. Mandlar er ein viktig ingrediens i fleire typar mat, som marsipan, bakverk som kransekake og omforma til mandelmjølk og mandelolje. Sistnemnde har fleire bruksområde.

Mandeltre i Spania

Mandeltreet stammar opphavleg frå Sentral-Asia, men veks no både dyrka og forvilla i dei fleste middelhavslanda.

Det har enkle blomar som typisk kjem før blada og er kvite eller rosa (søtmandel). Fruktkjøtet er seigt og lêraktig, lòdent og med ein gul stein som inneheld éin eller to mandlar (sistnmende er kjend som «filipine»). I Sør-Europa gjev eit tre ca. 25 kg frukt om året. Viltveksande tre (P. amygdalus var. amara) kan ha frø som smakar bittert, bittermandel. Dette kan brukast til å laga bittermandelvatn.

Galleri endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Mandel
  Denne biologiartikkelen som har med mat å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.