Toscakake
(Omdirigert frå Toscapinne)
Toscakake er ei skandinavisk kake som består av sukkerbrød med eit lokk av rista mandlar.[1]
Tosca er namnet på ein opera av Puccini som hadde premiere ved hundreårsskiftet 1900.[2] Operaen har truleg gjeve namnet til toscakaka, som opptrer i svenske kokebøker frå 1930-talet.[3] Den rådande enkle funkisstilen kan òg ha sett preg på bakverket,[2] som typisk ikkje er ekstra pynta.
Toscakaka blei omtalt i norske aviser frå 1940-talet av.[4]
Toscaglasuren kan også brukast på andre bakverk, som mindre toscapinnar,[5] toscaruter,[6] toscabollar[7] eller toscaeple.[8]
Kjelder
endre- ↑ «Toscakaka», ICA.se (på svensk), henta 18. oktober 2021
- ↑ 2,0 2,1 skriver, Historiska bakverk-Graddbullerian se, Historien om några kända bakverk – Hembakningsrådet (på svensk), arkivert frå originalen 20. desember 2016, henta 18. oktober 2021
- ↑ Vår bakbok: från ankarstock till ölandslimpa, 77 sorters kakor samt tårta på tårta, Prisma, 1999. ISBN 9789151836454. OCLC 186600681.
- ↑ «Søk i Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 18. oktober 2021
- ↑ «Grundrecept sju sorters kakor» (på svensk). dn.se. 10. april 2011. Henta 18. oktober 2021.
- ↑ «Toscaruter», Oppskrift.no (på norsk), henta 20. oktober 2021
- ↑ «Toscaboller», Det søte liv (på norsk), 14. november 2004, henta 18. oktober 2021
- ↑ «Tosca-epler», Aperitif.no (på norsk), henta 20. oktober 2021
- Denne artikkelen bygger på «Toscakaka» frå Wikipedia på svensk, den 18. oktober 2021.
Bakgrunnsstoff
endre- Oppskrift ved tine.no