Bilateria
dyr med tosidig symmetri
(Omdirigert frå Tosidig symmetriske dyr)
Bilateria eller tosidig symmetriske dyr er dyr som er symmetriske rundt ein midtakse. Kroppen deira har ein klar fram- og bakende og ei over- og underside. Høgre og venstre side av kroppen dannar spegelbilde av kvarande, sjølv om desse ikkje nødvendigvis er heilt fullstendige, til dømes i høve til indre organ.
Bilaterale dyr | |
Systematikk | |
Overrike: | Holozoa |
Rike: | Dyr Animalia |
Underrike: | Bilaterale dyr Bilateria Hatschek, 1888 |
Dei fleste ekte fleircella dyr høyrer til gruppa Bilateria, med berre Radiata utanfor.[1] Gruppa blir delt inn i to hovudgreiner; Protostomia, som omfattar dei fleste virvellause dyr, og Deuterostomia, som mellom anna omfattar pigghudar og ryggstrengdyr.[2]
Kjelder
endre- ↑ Hågvar, Eline B. (1944-) (1998). Det zoologiske mangfoldet: dyregruppenes systematikk, bygning og levevis. Universitetsforl. s. 70.
- ↑ «Radiærsymmetriske dyr», Store norske leksikon, 1. desember 2014; «Bilateral: zoologi», Store norske leksikon, 6. desember 2014