Total krigføring

Total krigføring eller total krig viser til krigføring der ein av partane tek i bruk alle moglege middel. Ei slik krigføring kan medføra eit mindre skarpt skilje mellom sivile og stridande, og sivile kan også vera eit større mål for krigføringa enn i anna krigføring.

Omgrepet «total krig» blei introdusert av den tyske generalen Erich Ludendorff, men er blant mange blitt ført tilbake til krigsteoretikaren Karl von Clausewitz som omalte «absolutt krig». Under andre verdskrigen blei omgrepet brukt av den tyske propandaministeren Joseph Goebbels.

General Curtis LeMay frå USA la i 1949 fram eit oppdatert syn på total krig etter utviklinga av atomvåpen. Med eit atomarsenal ville total krigføring frå ei atommakt medføra «drapet på ein nasjon».[1] To atommakter ville då eventuelt kunna utsletta kvarandre. Sjå terrorbalanse.

Kjelder endre

  1. «killing a nation». DeGroot 2004

Helgesen, Jan E. Krig: krigens rett (14. februar 2009), Store norske leksikon. Henta 25. november 2013.