Totenåsen er eit høgdededrag og skogsområde mellom Toten i nord, Mjøsa i aust og Hurdal/Romerike i sør. Mesteparten av Totenåsen ligg i Østre Toten medan dei sørlege delane ligg i Eidsvoll og Hurdal kommunar. Området tilhøyrer Toten Almenning som er delt i fleire «lodd», det vil seia i fleire sjølvstendige almenningar. Det meste av området består av skog og myrer. Berggrunnen er etter måten kalkrik, noko som har motverka forsuring av fiskevatna. Høgste punkt er Torsæterkampen på 841 moh.

Tjuvåsen og sørover mot Hurdal er eit område prega av rullande åsar.
Foto: Øyvind Holmstad

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Totenåsen