Toventunnelen
66°4′43″N 13°5′17″E / 66.07861°N 13.08806°E
Toventunnelen er ein 10,7 km lang vegtunnel på fylkesveg 78 i Nordland mellom Leirfjord og Vefsn kommunar. Tunnelen vart opna 22. november 2014.[1] Tunellen går gjennom fjellet Toven, mellom Leirosen i Leirfjord og Brattlia i Drevja. Det er den lengste tunnelen i Nord-Noreg, og avløyste ei lite framkommeleg strekning av fv 78, med særs dårleg standard.[2]
Historie
endreHæhre Entreprenør AS var hovudentreprenør for arbeidet med denne strekninga av fv 78. Arbeidet tok til i januar 2010, første salve vart skoten mars 2010, og tunnelen opna 22. november 2014. Arbeidet var kostnadsrekna til 1460 millionar 2009-kroner. Av dette skulle 405 millionar finansoerast med bompengar, 852 med fylkeskommunale midlar, 150 med innsparte fylkeskommunale tilskott til ferjesambandet Hemnesberget-Leirvika, 40 millionar med kompensasjonsmidlar for auka arbeidsgivaravgift og 13 millionar med statlege midlar.[3]
Totalkostnaden på anlegget vart 1,90 milliardar 2014-kroner.
Referansar
endre- ↑ Byggfakta: Snart åpner Nord-Norges lengste tunnel
- ↑ Fakta Statens vegvesen, arkivert frå originalen 17. mai 2014, henta 30. desember 2014
- ↑ Nærinformasjon Statens vegvesen mars 2010 (PDF)[daud lenkje]