Trådforma bakteriofag

Trådforma eller filamentøse bakteriofagar er ein stor famile av stavforma bakteriofagar. Dei har typisk ein diameter på 6,5 nanometer og ei lengd på 900 nanometer. Dei har eit sirkulært enkelttråda DNA-molekyl som strekkjer seg ut langs lengda deira.

Trådforma bakteriofagar snyltar på gram-negative bakteriar og nyttar pili på bakterien som reseptor.

Til skilnad frå dei fleste andre bakteriofagar drep ikkje trådforma bakteriofagar vertane sine. I staden vert bakteriofagpartiklane frakta gjennom sellemembranane til bakterien og ut av bakteriesella utan å valda lysis og selledaude.

KjelderEndra