Gram-negativ bakterie
Ein gram-negativ bakterie er ein bakterie som ikkje fargar lilla ved gramfarging. Normalt nyttar ein safranin for å laga ei motfarging, nemleg rosa. Grunnen til at gram-negative bakteriar ikkje fargar lilla er at dei har ein annan samansetning i cellemembran enn gram-positive bakteriar.
Kjenneteikn
endreFølgjande kjenneteikn er typiske for gram-negative bakteriar:
- Cytoplasmisk membran
- Eit tynt peptidoglykanlag (dette er mykje tjukkare hjå gram-positive bakteriar)
- Yttermembran som inneheld lipopolysakkarin.
- Porinar på den ytste membranen; desse fungerer som porer for enkelte molekyl.
- Eit periplasmatisk rom mellom ytter- og innermembranen.
- S-laget er direkte festa til yttermembranen, ikkje til peptidoglykanet.
- Dersom bakterien har flagellar, har den fire støtteringar i staden for to.
- Dei fleste har Brauns lipoprotein som fungerer som eit band mellom yttermembranen og peptidoglykanlaget ved hjelp av ei kovalent binding.
- Dei fleste dannar ikkje sporar (sporulerar) (Coxiella burnetii er eit unntak, då denne dannar sporeliknande lekamar).
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |