Trøflar er knollforma soppar som veks under jorda og ofte er høgt skatta for si gode lukt og smak. Ein finn trøffel i ordenen Tuberales, der slekta Tuber blir kalla «ekte trøflar». Dei beste mattrøflane veks hovudsakleg mellom 40. og 46. breiddegrad i Europa. Dei høgast skatta artane er den svarte, vortete Périgord-trøffelen, Tuber melanosporum og den kvite, glatte Piemonte-trøffelen, T. magnatum. Det veks også trøflar lenger mot nord, som raudbrun trøffel (T. rufum), som også finst i Noreg, men ikkje har mykje matverdi.

Kvit Oregon-trøffel, Tuber gibbosum.
Trøffeljakt med gris.

Vokster og dyrking endre

Trøflar dannar sopprot, mykorrhiza, med tre. Dei dannar sporesekkar innvendig, i buktande gangar som gjev soppkjøtet ein marmorert utsjånad. Ordet «trøffel» kjem frå fransk truffe som har samanheng med det latinske tumere, 'å svulma'.

Dei beste mattrøflane veks hovudsakleg i kalkjord med eik. Trøffelkultur finst særleg i Spania, Portugal, Frankrika, Italia og på Balkan. Ein har drive med trøffeldyrking sidan 1800-talet gjennom å planta nøtter frå trøffelinfiserte eiketre. I dag skjer dyrkinga hovudsakleg ved at ein podar soppmycel i småtre før ein plantar dei ut. Til å lukta fram trøflar slik at ein kan hausta bruker ein dresserte hundar eller svin. I løpet av ein god dag kan ein finna 10–12, av og til heile 20 kg trøflar. Dei beste trøffelkulturane gjev rundt 100 kg årleg per hektar.

Bilete endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Trøffel

Kjelder endre

«trøfler» i Store norske leksikon, snl.no.