Tradisjon, konvensjon, skikk og bruk, er hevdvunne fastlagde og ålment godkjende retningsliner og måtar å gjera noko på i dei aktuelle situasjonane. I stor mon er gamle skikkar og tradisjonelle handlings- og åtferdsmønstre normerande for det menneskeleg livsmønstret og det sosiale livet. Det finst til dømes tradisjonar for å feira høgtider og utføra religiøse handlingar. Sed og skikk om kva som høver seg i arbeidslivet, i festleg lag, korleis ein skal kle seg i ulike samanhengar eller ved særskilde høve og så bortetter, dominerer tankane og åtferda til mange menneske. For dei fleste gjev det velvære i å kjenne til konvensjonane på eit område for kunne rette seg etter dei, ettersom brot på det som reknast for å vere høveleg i dei aktuelle situasjonane, kan verte møtt med misnøye og ulike former for sosiale sanksjonar i form av kritiske blikk og kommentarar. Skikk og bruk kan likevel alltid verte endra eller moderert av ulike årsaker eller miste si makt over sinna, jamvel erstattast av nye skikkar med motsett innhald, og er soleis aldri evigvarande. Ofte vert brot på konvensjonar møtte med åtgaum som gjev opphav til nye reglar for rett framferd. Men ofte lever konvensjonar, skikk og bruk og tradisjonar sitt eige sjølvstendig liv lengje etter at årsaka til at dei oppstod er borte og gløymt.

Mange stader er det ein tradisjon, eller skikk og bruk, å kaste stein på ein haug når ein har eit ærend forbi staden, og soleis vere med på å laga såkalla varp. Opphavleg har dette vore gjort av tru på at visse makter ville gje noko til gjengjeld, men har for mange utvikla seg til ein konvensjon utan meiningsinnhald, slik ein gjerne òg sleng ein mynt i ein ynskebrønn utan å tru på ei positiv verknad. Fotografiet syner eit varp ved ei heilag kjelde på Öland.

Omgrepet tradisjon vert òg nytta i samband med kunstformer som blir overførte frå person til person, til dømes folkemusikk (også kjend som tradisjonsmusikk) og munnleg litteratur.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Tradisjon
  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.