Traian Băsescu

rumensk politikar

Traian Băsescu (fødd 4. november 1951) er ein rumensk politikar som var president i Romania frå 20. desember 2004 til 21. desember 2014. Han leia det konservative partiet Partidul Democrat (Det demokratiske partiet), men gjekk av då han vart president sidan ein rumensk president ikkje kan vera partimedlem. Presidentkandidaturet hans vart òg støtta av det liberale partiet Partidul Naţional Liberal (Det nasjonalliberale partiet). Han kom på andre plass i første runde av presidentvalet 29. november 2004, med 33,9 % av røystene, men slo den sosialdemokratiske kandidaten Adrian Năstase med 51,2 % av røystene i andre valomgang, 13. desember.

Traian Băsescu

Fødd4. november 1951 (73 år)
Murfatlar
Statsborgar avRomania, Moldova
Yrkepolitikar, skipsførar
Utdanna vedAcademia Navală „Mircea cel Bătrân”
EktefelleMaria Băsescu
BarnElena Băsescu, Ioana Băsescu
VervPresident i Romania 2004-2014
FøregangarIon Iliescu
EtterfylgjarKlaus Iohannis
Alle verv
  • ordfører i București (2000–2004)
  • Romanias president (2004–2014)
  • medlem av Romanias deputertkammer (1992–1996)
  • medlem av Romanias deputertkammer (1996–2000)
  • medlem av Romanias senat (2016–2019)
  • minister for transport og infrastruktur (1991–1992)
  • minister for transport og infrastruktur (1996–1998)
  • minister for transport og infrastruktur (1998–2000)
  • Medlem av Europaparlamentet (2019–2024)
  • partileiar (Partidul Democrat, 2001–2004)
  • partileiar (Partidul Mișcarea Populară, 2016–2018)
  • ærespresident (Partidul Unității Naționale, 2017–) Sjå dette på Wikidata

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Traian Băsescu
  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.