Tramteatret

(Omdirigert frå Tramteateret)

Tramteatret var ei norsk teatergruppe som var aktiv på 1970- og 1980-talet. Gruppa vart stifta den 15. juni 1976, etter at ei kjerne gjekk ut av Studentersamfunnets TeaterChateau Neuf i Oslo, og nedlagd i 1986. Seinare har dei spela saman på nokre turnear. Tramteatret stod politisk på venstresida i norsk politikk, og namnet spelar på Tramgjengane til Arbeidarpartiet1930-talet.

I føremålsparagrafen som vart vedteken ved stiftinga, står det at teateret alltid skal stå på dei svake og undertrykte si side mot undertrykkarane, til dømes kapitalmakt og imperialisme. Teateret hadde som må å nå ut til alle folk i Noreg.

I løpet av dei ti åra Tramteatret eksisterte produserte dei ti LP-plater, seks revyar, fire tv-seriar, 20 radioprogram, 200 konsertar og turnear i alle fylke i Noreg. I 1981 deltok dei òg i Melodi Grand Prix med songen «Det er vår tur nå», som enda på fjerdeplass.

Produksjonar endre

Revyar endre

TV-seriar endre

Plateugjevingar endre

Medlemmer og andre involverte endre

Skodespelarar endre

Komponistar endre

Tekstforfattarar endre

Regissørar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre