Trans-Gambia Highway
Trans-Gambia Highway er omtalt som den viktigaste ferdselsåra i Gambia. Motorveien kryssar landet nord-sør og kryssar Gambiaelva over den største brua i landet, Senegambiabrrua, som opna i januar 2019. Trans-Gambia Highway er namnet på den delen av N4 som går gjennom Gambia, men på ei rekkje kart følgjer namnet Trans-Gambia Highway N4 gjennom heile strekninga frå Dakar til Ziguinchor i Casamance sør i Senegal.[1]
Trans-Gambia Highway | |
Trans-Gambia Highway nær Farafenni | |
Lengd | 250 km |
Strekning | Kerr Sulai (nordgrensa) - Missira (sørgrensa) |
Land | Gambia |
Trans-Gambia Highway 13°30′59″N 15°34′15″W / 13.51638889°N 15.57083333°W |
I Gambia når motorvegen dei to hovudvegane som kryssar landet vest-aust, North Bank Road og South Bank Road. Dei to vegane ligg på nordbreidda og sørbreidda av Gambiaelva, og har namn etter dette. Samanknytinga av desse to vegane har opna for auka effektivitet i transport via Trans-Gambia Highway inn og ut av Gambia. Etter opninga av Senegambiabrua fekk Gambia tilskot frå EU for å utbetra delar av vegen med fast dekke.[2]
Sidan Senegal ligg på begge sider av motorvegen er grenseovergangane sårbare for transport- og handelskonfliktar mellom landa. Problemet var større før brua blei opna, sidan det gav gambiske styresmakter kontroll over ferjeprisane. Ved fleire tilfelle stengde Senegal grensene. Som oftast har den sterke transportunionen i Senegal stått bak aksjonane.[3]
Kjelder
endre- ↑ «Missira». google.no/maps. Henta 11. februar 2022.
- ↑ «EOI – Gambia - Pavement Strengthening of the Trans-Gambia Highway - (24 km) - Trans-Gambia Corridor Project». worldpolicy-africa.org. 19. februar 2019. Henta 11. februar 2022.
- ↑ «The Trans-Gambia Highway: Integration of Isolation?». worldpolicy-africa.org. 14. juni 2016. Arkivert frå originalen 11. februar 2022. Henta 11. februar 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Trans-Gambia Highway» frå Wikipedia på bokmål, den 2. september 2024.