Farafenni eller Farafegni er ein by i Gambia, som ligg på Trans-Gambia Highway i North Bank Division, like sør for grensa med Senegal. Han er ein viktig marknadsby.

Farafenni
by
Land  Gambia
Areal 93 km²
Folketal 36 000
Kart
Farafenni
13°34′00″N 15°36′00″W / 13.566666666667°N 15.6°W / 13.566666666667; -15.6
Wikimedia Commons: Farafenni

Farafenni har rundt 25.000 innbyggjarar. Hovudspråket i byen er volof, men mandinka, fula og andre språk er òg ganske vanlege.

I Farafenni ligg eit sjukehus. Byen har òg ein militærbase som blei angripen i 1995 av seks menn som etterkvart hevda å samarbeida med kuppmakaren Kukoi Sanyang.

Byen har ein vidaregåande skule, Farafenni Senior Secondary School, og to ungdomsskular, Farafenini Junior Secondary School, og Anglican Junior Secondary. Begge ligg i utkanten av byen. Det finst to grunnskoler herm Farafenni Lower Basic School, og Mauritani Lower Basic School.

Lumo i Farafenni

Ulike former for handel er viktige i byen. Farafenni har ein stor marknad som ligg rett overfor Farafenni Gamtel, og i nærleiken er det butikkar og ein liten marknad på Kerewan Highway. Det blir òg halde ein marknad ein gong i veka som heiter lumo. Lumotorget ligg i utkanten av byen, ved sida av Farafenni stadion.

Farafenni ligg ved den nordlege enden av den delen av Trans-Gambia Highway som omfattar Senegambiabrua.[1]

Trans-Gambia Highway

Kjelder

endre