Waltraud Hecher-Görgl (fødd 28. september 1943), kjend som Traudl Hecher, er ein austerriksk tidlegare alpin skirennar frå Schwaz i Tirol som vann bronsemedaljen i utfor både under Vinter-OL 1960 og Vinter-OL 1964. Ho er mor til alpinistane Stephan Görgl og Elisabeth Görgl, som begge har hevda seg i verdstoppen i alpin skisport.

Traudl Hecher

Statsborgarskap Austerrike
Fødd 28. september 1943
Schwaz
Død

10. januar 2023 (79 år)
Schwaz

Yrke alpinist
Språk tysk
Traudl Hecher på Commons

Aktiv endre

16 år gammal debuterte Hecher i Vinter-OL 1960 i Squaw Valley i California med å vinne bronsemedaljen i utfor, bak gullvinnar Heidi Biebl frå Tyskland og USA si eiga Penny Pitou på sølvplass. To år seinare oppnådde Hecher ein sjetteplass i kombinasjonen ved VM i alpine greiner 1962 i Chamonix, basert på at ho vart nummer åtte i utfor, ni i storslalåm og tolv i slalåm.

Under vinterleikane 1964 i Innsbruck syrgde ho, saman med gullmedaljør Christl Haas og sølvvinnar Edith Zimmermann, for at arrangørlandet tok alle medaljane i utforrennet. To år seinare deltok då VM i alpine greiner 1966 vart avvikla i Chile, utan å kunne hevde seg.

Hecher vann ti gullmedaljar i nasjonale meisterskap i åra frå 1960 til 1967. Ho vann kombinasjonen fire år på rad (1960-63) og slalåm tre sesongar etter kvarandre (1960-62), samt storslalåm i 1963 og utfor i 1965 og 1967.

Grunna psykiske problem la ho bort alpinskia sommaren 1967.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar