Kommerselest

(Omdirigert frå Trelastlest)

Kommerselester vart frå 1600-talet til midt på 1800-talet bruka til å måle lasteevne for skip ved transport av fiskevarar og andre fødevarar. Ein kommerslest tilsvare 80 norske kubikkfot, dvs 2,47 m3 eller ei lasteevne på 5200 pund (frå 1769), dvs. ca. 2600 kg. Ein kommerselest tilsvarte på 1700-talet i praksis om lag halvannan trelastlest, sjå nærare under lester.

Frå 1672 fekk skip registrerte i København redusert det registrerte og tollpliktige lesttalet med 1/6. Frå 1750 til 1819 vart storparten av dei norske fartøya målte i reduserte kommerselester, slik at ein må gjere eit tillegg på 16,7 % for å finne den reelle lasteevna. Etter 1851 skulle ein reell kommerselest tilsvare 2,08 netto registertonn.