Tribune Media
Tribune Media er eit tidlegare amerikansk mediekonsern grunnlagt i 1847, med hovudkontor i Chicago i Illinois. Selskapet åtte avisene Chicago Tribune, Los Angeles Times og The Hartford Courant, baseballaget Chicago Cubs og ein radio- og TV-stasjon. I tillegg er Tribune Media deleigar i TV-selskapet The WB Television Network.
Tribune Media | |||
| |||
| |||
Skipa | 1847 | ||
---|---|---|---|
Nedlagd | 2019 | ||
Hovudkontor | Chicago | ||
Land | USA | ||
Produkt | fjernsyn | ||
Nettstad | http://www.tribunemedia.com/ (engelsk) |
Gjennom Tribune Broadcasting var Tribune Media eit av dei største fjernsynsselskapa i USA. Det åtte 39 fjernsynsstasjonar over heile landet, og dreiv tre til gjennom lokale kontraktar (local marketing agreement). Det åtte kabelstasjonen WGN America, den regionale kabelnyheitskanalen Chicagoland Television (CLTV) og den Chicago-baserte radiostasjonen WGN. Det hadde også eigarskap i verksemder som Food Network.
Før sal av Tribune Publishing i august 2014 var Tribune Media det andre største avishuset i landet etter Gannett Company, med ti dagsaviser, mellom dei Chicago Tribune, Los Angeles Times, Orlando Sentinel, Sun-Sentinel og The Baltimore Sun, og fleire tabloidtitlar.
I 2007 blei verksemda, som hadde store lån, kjøpt opp av investorar. I 2008 gjekk Tribune Company fallitt i den største konkurssaka i amerikansk medieindustri.[1] Etter restrukturering kom det ut frå falitttprosedyren i desember 2012.[2] 3. desember 2018 annonserte Nexstar Media Group at det skulle fusjonera med Tribune Media etter at det hadde kjøpt det for 4,1 millionar dollar.[3] Den største fusjonen av kringkastingsselskap i amerikansk historie blei godkjend i 2019,[4] og fullført 19. september.[5][6][7]
Kjelder
endre- ↑ Carr, David (5. oktober 2010). «At Sam Zell's Tribune, Tales of a Bankrupt Culture». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Henta 26. januar 2019. «Less than a year after Mr. Zell bought the company, it tipped into bankruptcy, listing $7.6 billion in assets against a debt of $13 billion, making it the largest bankruptcy in the history of the American media industry.»
- ↑ Brennan, Morgan (18. september 2013). «The Investment Zen Of Sam Zell: Inside The Grave Dancer's $4 Billion Business Empire». Forbes. Henta 18, september 2013.
- ↑ Littleton, Cynthia (2. desember 2018). «Tribune Media to Be Acquired by Nexstar Media Group». Variety (på engelsk). Henta 15. desember 2018.
- ↑ Channick, Robert (1. august 2019). «Tribune Media - Nexstar merger one step closer after DOJ approval». Chicago Tribune. Henta August 2, 2019.
- ↑ "Nexstar Media Group Completes Tribune Media Acquisition Creating The Nation’s Largest Local Television Broadcaster", Nexstar Media Group, 19 September 2019, Retrieved 3 October 2019.
- ↑ Channick, Robert (19. september 2019). «Nexstar completes purchase of WGN owner Tribune Media». Chicago Tribune. Henta 19. september 2019.
- ↑ Littleton, Cynthia (September 19, 2019). «Nexstar Completes Tribune Acquisition, Sean Compton to Head Programming». Variety. Henta 19. september 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Tribune Media» frå Wikipedia på bokmål og «Tribune Media» frå Wikipedia på engelsk, den 13. desember 2020.