Triglav er det høgaste fjellet i Slovenia (og tidlegare i heile Jugoslavia) og Dei juliske Alpane. Namnet, som tyder 'med tre hovud', kan vere kalla opp etter forma på fjellet sett frå Bohinjdalen, men kan òg vere kalla opp etter den slvaiske guden Triglav, sjølv om denne hypotesen er omstridd.

Triglav
fjell
Triglav sett frå Debela Peč, 2002
Land  Slovenia
Område Gorenjska
Fjellkjede Dei juliske Alpane
Høgd 2 864 moh.
Primærfaktor 2 052 m
Lettast tilkomst kravling
Førstestiging 1778
Koordinatar 46°23′N 13°50′EKoordinatar: 46°23′N 13°50′E
Kart
Triglav
46°22′42″ N 13°50′12″ E
Wikimedia Commons: Triglav

Fjellet er eit viktig slovensk nasjonalsymbol. Fjellet er eit sentralt element på det slovenske riksvåpenet og det slovenske flagget. Eit fotorealistisk relieff av fjellet finst på den nasjonale sida av den slovenske eurocent-mynten.

Den første kjende stiginga av Triglav vart gjort 26. august 1778 av Luka Korošec, Matija Kos, Štefan Rožič og Lovrenc Willomitzer, etter initiativ frå baron Sigismund Zois. Høgda vart først målt i 1808 av Valentin Stanič.

Aljažtårnet

På toppen av fjellet står ein liten metallstruktur, Aljažtårnet (slovensk Aljažev stolp), eit symbol på slovensk herredøme over området og i seg sjølv eit nasjonalsymbol. Tårnet er kalla opp etter presten, fjellklatraren og patrioten Jakob Aljaž, som rundt 1900 kjøpte toppen og ein lokalstasjon for fem austerriksk-ungarsk florinar.

Sidan 1961 har fjellet vore sentrum i Triglav nasjonalpark, den einaste nasjonalparken i Slovenia.

Det slovenske flagget vart heist på toppen av Triglav den 26. juni 1991, kvelden då Slovenia erklærte sjølvstende frå Jugoslavia.

Triglavområdet er òg ofte omtalt i slovensk folkeeventyr om ein jeger som leitar etter ein skatt som den forheksa bukken Zlatorog vaktar over.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Triglav