Triploblastiske dyr

(Omdirigert frå Triploblastiske)

Hjå triploblastiske dyr delar blastula seg i tre vevlag embryonalt: Endoderm og ektoderm, som høvesvis sit på inn- og utsida av kroppen, og mesoderm, som sit mellom desse to laga. Endodermen utviklar seg seinare hovudsakleg til epitelvev på innsida av kroppen, medan ektodermen generelt vert nervesystem og epitelvev. Mesodermen utviklar seg til det vevet som ligg mellom dei ulike epitellaga: skjelettvev, musklar, ekskresjonsorgan, raude blodceller, delar av nyrer osb.

Sjå òg endre