Trojansk objekt
(Omdirigert frå Trojansk asteriode)
Eit trojansk objekt er ein asteroide eller ein naturleg satellitt som delar bane med ein større planet eller måne, men som ikkje vil kollidera med det større objektet av di det går i bane i eit av dei stabile lagrangepunkta. Desse er L4 og L5 som respektivt ligg 60° føre og bak det større objektet.
Trojan-konseptet vart først tatt i bruk for asteroidane i bane i Jupiters lagrangepunkt. Sidan har objekt også vorte funne i lagrangepunkta til andre planetar, samt i lagrangepunkta til nokre av Saturns større månar.
Dei følgjande objekta har selskap av trojanar:
- Jupiter - jupitertrojanar
- Mars - marstrojanar
- Neptun - neptuntrojanar
- saturnmånen Tethys - Telesto og Calypso
- saturnmånen Dione - Helene og Polydeuces