Troms Skogselskap
Troms skogselskap er ein ideell organisasjon som har til formål å fremje forståinga for den mangesidige tydinga av skogen og å arbeide for eit godt skogbruk. Laget er tilknytt Det norske skogselskap.
Troms skogselskap produserer skogplantar i Bardufoss planteskole, dei utarbeider skogbruksplanar for å hjelpe skogeigarar med eigedomsforvaltinga, og dei driv informasjonsarbeid om skog og skogbruk.
Troms skogselskap vart stifta 5. juni 1900 som «Tromsø Amts Skogplantingsselskap», eit framhald og overbygging for «Maalselvens Skogselskab» og «Bardo Skoglag». Stiftingsåret hadde Troms Amts Skogplantingsselskap 260 medlemmer, i tillegg til 122 medlemmer i Maalselvens Skoselskap og 80 medlemmer i Bardo Skoglag.
Bakgrunnsstoff
endre- Troms skogselskap Arkivert 2008-12-05 ved Wayback Machine.
Kjelder
endre- Arvid Sveli 1987: Skogbruk i Nord-Norge ISBN 9034911-4