Trond Egil Soltvedt

norsk fotballspelar

Trond Egil Soltvedt (fødd 15. februar 1967) er ein tidlegare fotballspelar, fødd på Voss. Han var ein sentral spelar i Viking Fotballklubb då laget vart cupmeister i 1989 og seriemeister i 1991. Seinare spelte han for SK Brann, Rosenborg og dei engelske klubbane Coventry, Southampton og Sheffield Wednesday. Soltvedt spelte fire landskampar for Noreg i 1997 og 1998. Han trappa ned i 2003, men spelte eit par sesongar i lokalavdelingar i Nordhordland.

Trond Egil Soltvedt i 2008

Merittar endre

  • Noregsmeister: 1989 med Viking FK
  • Seriemeister: 1991 med Viking FK
  • Noregsmeister: 1995 med Rosenborg
  • Seriemeister: 1995 og 1996 med Rosenborg

Kjelder endre