Viking Fotballklubb

Viking Fotballklubb er ein fotballklubb i Stavanger. Klubben spelar i Eliteserien og har eit lag i 3. divisjon avdeling 3. Noverande hovudtrenar er Bjarne Berntsen.

Viking
Fullt namnViking Fotballklubb
KallenamnDei mørkeblå
Grunnlagd10. august 1899
HeimebaneViking Stadion
(kapasitet: 16 600)
StyreformannChristian Rugland
HovudtrenarBjarne Berntsen
LigaEliteserien
NettstadHeimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Soccerball current event.svg Noverande sesong

Klubben vart grunnlagd den 10. august 1899. Laget spelar heimekampane sine på Viking Stadion i Jåttåvågen. Viking Stadion vart opna den 1. mai 2004. Før det nye stadionet opna var Stavanger StadionEiganes heimebana. Draktene til laget har mørkeblå trøyer, kvite bukser og mørkeblå sokkar.

Viking er den største og leiande fotballklubben i Rogaland fylke. Fotballklubben har vore mellom dei beste i norsk fotball ei rad år. Særleg på 1970-talet vann klubben mange seriemeisterskap. Lenge låg klubben på fyrsteplass på maratontabellen for øvste divisjon i norsk fotball. Etter seriegullet i 1991 har klubben ofte ikkje kjempa heilt i toppen, og har kome bak Rosenborg på maratontabellen.

MerittarEndra

Noverande troppEndra

Oppdatert 1. juli 2020 [1]Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1   Iven Austbø
3   Viljar Vevatne  
5   Axel Óskar Andrésson
6   Runar Hove
7   Zymer Bytyqi
8   Joe Bell
9   Fredrik Torsteinbø
10   Tommy Høiland
11   Yann-Erik de Lanlay
12   Erik Johannes Thorsbye Arnebrott
14   Veton Berisha
15   Johnny Furdal
16   Even Østensen
Nr. Posisjon Spelar
17   Sebastian Søraas Sebulonsen
18   Sondre Bjørshol
19   Sondre Auklend
20   Ylldrin Ibrahimaj
21   Harald Nilsen Tangen
22   Arild Østbø
23   Rolf Daniel Vikstøl
24   Kristoffer Løkberg
25   Sebastian Sørlie Henriksen
26   Jefferson de Souza
30   Adrian Nilsen Pereira
35   Henrik Heggheim
41   Trym Sølvberg Ur

UtlånEndra

Kjende spelararEndra

 
Brede Hangeland vart cupmeister med Viking i 2001
Reidar Kvammen Isak Arne Refvik
Edgar Falch Bjarne Berntsen
Sverre Andersen Svein Fjælberg
Olav Nilsen Erik Thorstvedt
Reidar Goa Gunnar Aase
Sigbjørn Slinning Thomas Myhre
Svein Kvia Erik Nevland
Erik Johannessen Brede Hangeland
Trygve Johannessen Rune Jarstein

André Danielsen er den Vikingspelaren med flest kamper, 552 fram til han slutta i 2019.

SupporterklubbEndra

VikingHordene er Viking F.K. sin offisielle supporterklubb.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra