Trond Fredrik Ludvigsen
Trond Fredrik Ludvigsen (fødd 22. juni 1982 i Alta) er ein norsk fotballspelar som spelar for Bodø/Glimt.
Trond Fredrik Ludvigsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. juni 1982 (42 år) Alta |
Yrke | fotballspelar |
Høgd | 177 centimeter |
Han kom til Bodø/Glimt i 1998 etter å ha vore innom klubbene Frea, Bossekop og Alta (A-laget) sine ungdomsavdelingar.
Ludvigsen debuterte for Bodø/Glimt i 1999 då han var berre var 16 år og 314 dagar, og han er ein av dei yngste som har spelt i eliteserien. Han har spelt 35 U-21 kampar for Noreg, og har lagd 16 landslagsmål for Noregs U-21 landslag.
I 2001 vart Ludvigsen seld til den tyske klubben Hertha Berlin, men vart året etter leigd ut til Rosenborg Ballklub. Deretter var han ein ny periode i Bodø/Glimt, før han gjekk til Brann i 2005.
Ludvigsen skreiv under ein treårskontrakt med Brann, og debuterte for klubben 23. juli 2005. 17. desember 2008 skreiv han under treårskontrakt med Bodø/Glimt.