Trondheim kommunale kulturskole
Trondheim kommunale kulturskole (TKK), som er dagens namn på skulen, vart oppretta i 1973 og var saman med Trøndelag musikkonservatorium ei vidareføring av Trondhjems musikkskole som vart etablert allereie i 1911.
I den første tida gav skulen eit tilbod berre i musikk og heitte Trondheim kommunale musikkskole (TKM). I 1998 vart tilbodet utvida til andre kunstuttrykk og namnet vart endra til Trondheim kommunale musikk- og kulturskole (TKMK). Dette namnet vart behalde fram til 2009, då dagens namn vart innført. Skulen har i dag over 4000 elevplassar og gir eit breispektra undervisningstilbod i musikk, visuelle kunstfag, teater, sirkus og dans. Skolen har eit omfattande samarbeid med skule- og utdanningsinstitusjonar i kommunen og med det frivillige og profesjonelle kulturlivet i Trondheim. Undervisninga føregår på 38 forskjellige skular med hovudsete i kulturhuset i byen, Olavskvartalet. TKK arbeider målbevisst for å implementere den nasjonale rammeplanen for kulturskulane.
Trondheim kommunale kulturskule har blitt anerkjent nasjonalt[1] og internasjonalt[2] både for oppnådde faglege resultat og for å ha utvikla samarbeidsmodellar med skuleverket forøvrig og kulturlivet elles. TKKs aktivitet er bygd på grunnidèen om at musikk- og kulturfag er like viktige som matematikk og språkfag.
Ideologi
endre- Opent opptak (tilpassa undervisning til alle interesserte, kvalitet i breidde og topp).
- Integrert kulturskulemodell (kompetansesenter for skuleverket og kulturlivet).
- Desentralisert verksemd (undervisning på skulane i bydelane og i spesialbygg med gode fasilitetar).
- Låge skulepengesatsar, familiemoderasjon og friplassordningar.
TKKs grunnlagsfilosofi og dei verdiane skulen søkjer å fremme, er:
- deltaking
- tilhøyrsle
- engasjement
- oppleving
- kvalitet
Ved TKK er samspel i ulike grupperingar ein høgt prioritert aktivitet. Samspel i denne samanhengen tyder alt frå fleirhendig piano, klassiske kammerensembel til varierte bandkonsept. Ein annan prioritert aktivitet er opptredenar i form av førestillingar, utstillingar og konsertar. Slike framsyningar kan vere kulturinnslag i samband med møte/konferansar, eller månadens bilete på Rådhuset, eller det faste kunstnariske innslaget ved Bystyremøta. Årleg har elevane ved TKK ca. 300 offentlege opptredenar. Konsertar/ førestillingar/ utstillingar blir rekna som «hjarta» i verksemda til TKK.
Rektorar ved skolen
endre- Kåre Opdal (1972 - 1994) vart tilsett allereie i 1972 for å førebu oppstarten av TKM i 1973
- Vidar Hjemås (1994 - )
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Trondheim kommunale kulturskole» frå Wikipedia på bokmål, den 21. mai 2010.
Referanser
endre- ↑ Utdanningsdirektoratets brosjyre over Demonstrasjonsvirksomheter, 2006[daud lenkje]
- ↑ Artikkel i det internasjonale fagtidsskriftet «TheStrad», arkivert frå originalen 4. mai 2010, henta 21. mai 2010