Trubadur er ei nemning for oksitanske diktarar og musikarar i høgmellomalderen, og seinare om andre visediktarar og songarar.[1]

Trubaduren Perdigon som speler fele.

Trubadurane verka ved fyrstehoffa i Sør-Europa i perioden 1100-1350. Dei framførte songane sine til eige akkompagnement på eit instrument som ei harpe. Diktinga deira om riddarliv og høvisk kjærleik fekk internasjonal tyding.[2]

Ein kjenner til namna på rundt 450 mellomaldertrubadurar, som Vilhelm av Poitiers, Bertran de Born, Bernart de Ventadour og Peire Vidal. Innan trubadurdiktinga finst det fleire ulike sjangerar, som canso d'amor, pastorela (song til ei gjetarjente), alba (åtskilling ved daggry) og tenso (dialog om vesenet til kjærleiken).[2]

Kjelder endre

  1. «trubadur» i Nynorskordboka.
  2. 2,0 2,1 «trubadur». Store norske leksikon (på norsk). 20. februar 2018.