Trygve Owren
Trygve Owren (7. oktober 1912–3. mars 1987) var ein norsk gardbrukar, pelsdyroppdrettar og stortingsrepresentant for Høgre 1963-69.
Trygve Owren | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. oktober 1912 Fåberg kommune |
Død | |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Politisk parti | Høgre |
Far | Peder Aslak Berntsen Owren |
Owren var son til ein gardbrukar på Fåberg. Han gjekk handelsskule 1931 og Vinterlandbruksskolen i Oslo 1936 og -37. Åra 1936-40 var han studieleiar i Norges Bondelag.
I 1937 starta han opp eit pelsdyroppdrett i Vingrom. Frå 1947 dreiv han og eigde han fabrikk på Lillehammer som laga transportartiklar til bruk i land- og skogbruket. Perioden 1954-72 hadde han òg eit gardsbruk på Nes på Romerike. Han var formann i Gudbrandsdal pelsdyralslag 1953-62.
Owren var medlem i Fåberg heradsstyre frå 1956 til 1963 og etter kommunesamanslåing i Lillehammer bystyre 1964-67. Han var formannskapsmedlem frå 1960. Stortingsperioden 1961-65 var han vararepresentant frå Oppland og partiet Høgre. I september 1963 døydde den valde representanten Guttorm Granum og Owren møtte resten av perioden. Hausten 1965 fekk han fast tingplass frå Oppland. På Tinget var medlem i Sosialkomiteen. Han vart ikkje attvald i 1969.
Owren var aktiv i Milorg 1943-45 og vart tildelt Deltakarmedaljen.