Norges Bondelag
Norges Bondelag er den største interesseorganisasjonen for bønder i Noreg. Bondelaget har som mål å «samle alle som er, eller kjenner seg knyttet til bondeyrket, fremme felles saker, trygge landbruket og ivareta bygdenes økonomiske, sosiale og kulturelle interesser.» Bondelaget forhandlar direkte med Staten om inntektsgrunnlaget til bønder, men Norges Bondelag tek ikkje imot statsstøtte. Organisasjonen er økonomisk og politisk uavhengig.
Norges Bondelag | |||
Skipa | 1896 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Oslo | ||
Leiar | Bjørn Gimming | ||
Medlemmer | 60 482 | ||
Nettstad | https://www.bondelaget.no/ |
Laget vart oppretta i 1896 med tittelen Norsk Landmandsforbund, og førte på mange vis vidare tradisjonane frå den første veljarsameininga i landet, Bondevenane. Den gongen var føremålet å arbeide til beste for landbruksnæringa og prøve å påverke politiske avgjerder, ein tradisjon som er vidareført i det føremålet som ligg framme i dag.
I 1922 endra rørsla namn til Norges Bondelag, berre to år etter at landsmøtet hadde vedteke å opprette Bondepartiet (no: Senterpartiet), som skulle arbeide aktivt for bønder sine generelle interesser på Stortinget. Senterpartiet er i dag ikkje tilknytt Bondelaget.
Norges Bondelag har 61 000 medlemmer, delt på 607 lokallag og 18 fylkeslag.
Formenn/leiarar
endre- 1896–1901 Johan Theodor Landmark
- 1901–1905 Johan E. Mellbye
- 1905–1906 Gunnar Knudsen
- 1906–1909 Kleist Gedde
- 1909–1941 Johan E. Mellbye
- 1945–1951 Arne Rostad
- 1951–1955 Ole Rømer Sandberg
- 1955–1966 Hallvard Eika
- 1966–1969 Johan A. Vikan
- 1969–1974 Jan E. Mellbye
- 1974–1980 Hans Haga
- 1980–1987 Nils Valla
- 1987–1991 Kåre Syrstad
- 1991–1997 Bjørn Iversen
- 1997–2002 Kirsten Indgjerd Værdal
- 2002–2008 Bjarne Undheim
- 2008–2009 Pål Haugstad
- 2009–2014 Nils T. Bjørke
- 2014–2021 Lars Petter Bartnes[1]
- 2021– Bjørn Gimming[2]
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ Bartnes valgt som leder i Bondelaget Arkivert 2014-06-06 ved Wayback Machine.. t-a.no (5. juni 2014)
- ↑ Bjørn Gimming er den nye bondelagslederen. Norges Bondelag. Besøkt 11. september 2021.