Tsjagoda ved Mologa

Tsjagoda (russisk Чагода) er ei elv i Leningrad og Vologda oblast i Russland og ei av sideelvane til Mologa frå venstre i nedslagsfeltet til Volga. Elva er 242 km lang og har eit nedslagsfelt på 9 680 km². Elva har ei middelvassføring på 58 m³/s 112 km frå munningen.

Tsjagoda
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 9 680 km²
Lengd 242 km
Middelvassføring 58 /s
Munning Mologa
Kart
Tsjagoda ved Mologa
58°57′36″N 36°35′21″E / 58.96°N 36.58916667°E / 58.96; 36.58916667
Wikimedia Commons: Chagoda river

Elva frys til i november eller desember og vert isfri att i april eller tidleg i mai.

Dei største sideelvane hennar er Gorjun, Lid og Vnina frå venstre, og Pes. Landsbyen Tsjagoda ligg ved elva.

Kjelder

endre