Tsjapajevka
Tsjapajevka (russisk Чапа́евка), òg kalla Motsja (russisk Мо́ча) er ei elv i Samara oblast i Russland og ei av sideelvane til Volga frå venstre. Elva er 293 km lang og har eit nedslagsfelt på 4 310 km². Elva har ei middelvassføring på 2,53 m³/s.
Tsjapajevka | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 4 310 km² | ||
Lengd | 293 km | ||
Middelvassføring | 2,53 m³/s | ||
Kjelde | Obsjtsjij Syrt | ||
Munning | Volga | ||
Tsjapajevka 52°20′18″N 51°23′49″E / 52.338333333333°N 51.396944444444°E |
Elva spring ut frå vestsida av Obsjtsjij Syrt, og munnar ut i Saratov-reservoaret nær Novokujbysjevsk. Byen Tsjapajevsk ligg ved elva. Elva er farbar opp til 34 km frå munningen. Mesteparten av vassføringa kjem frå snøsmelting, og elva tørker heilt inn i dei øvre delane om sommaren. Ho er islagt frå november til april. Dei største sideelvane hennar er Petrusjka, Vetljanka og Vjazovka.
Elva vart opphavleg kalla Mótsja, men vart i 1925 omdøypt Tsjapajevka til ære for borgarkrigshelten Vasilij Tsjapajev.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tsjapajevka» frå Wikipedia på bokmål, den 1. november 2008.