Tjerkessia er ein region i Nord-Kaukasus, nordvest i Kaukasia, ved nordaustkysten av Svartehavet.[1] Han har namn etter dei tradisjonelle innbyggjarane her, tjerkessarar.

Kart over Tsjerkessia i 1750.

Det historiske området femner om store delar av innlandet i novarande Krasnodar kraj, og tidvis også Stavropol kraj, i Russland. I sør grensar det til Abkhasia. I snervare forstand femner omgrepet berre om ein del av dei russiske delrepublikkane Karatsjajevo-Tsjerkessia, Adygia og Kabardino-Balkaria.

Tjerkessarar ein samlingsterm for fleire folkeslag der adygeararar er den største gruppa. Tsjerkessarar er no berre ein liten minoritet av innbyggjarane i området. Mange av dei lever i ein diaspora, særleg i noverande Tyrkia.

Da russerne begynte å legge området under seg Frå slutten av 1700-talet byrja Tsar-Russland å prøva ta over området. Tsjerkessarane gjorde kraftig motstand, men blei slått ned.[2] Frå slutten av 1800-talet emigrerte mange muslimske tjerkessarar til Det osmanske riket etter ei rad opprør som blei slått ned av .

Ved slutten av 1400-talet reiste Giorgio Interiano frå Genova gjennom området og laga ei detaljert skildring av Tsjerkessia og innbyggjarane her.[3]

Kjelder endre

  1. Chisholm, Hugh, red. (1911). «Circassia». Encyclopædia Britannica (på engelsk) 6 (11. utg.). Cambridge University Press. s. 380–381. 
  2. Alver, Alv (24. mars 2022). «tsjerkessere». Store norske leksikon (på norsk). 
  3. Biblioteca Italiana.Vita de' Zichi chiamati Ciarcassi di G. Interiano