Opna hovudmenyen
Tsjerkessk
Черкесск
Horisonten til Tsjerkessk
Byvåpenet til Tsjerkessk
Byvåpenet til Tsjerkessk


Plassering
Tsjerkessk is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Karatsjajevo-Tsjerkessia
Grunnlagd
Bystatus
1804
1931
Geografi
Flatevidd
 - By

66 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

116 300
  1 762,1 /km²
Koordinatar 44°13′00″N 42°03′00″EKoordinatar: 44°13′00″N 42°03′00″E
Høgd over havet 530 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 369000–369016
Retningsnummer (tlf) (+7)8782

Tsjerkessk (russisk Черке́сск) er hovudstad i Republikken Karatsjajevo-Tsjerkessia i Russland med om lag 115 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Kuban i Nord-Kaukasus, rundt 1300 km søraust for Moskva.

Byen vart grunnlagt i 1804 som ein kosakk-stanitsa kalla Batalpasjinskaja, etter Batal-Pasja, ein tyrkisk general av tsjerkessisk nedkomst, som i 1790 vart sigra over i eit slag i nærleiken I 1931 fekk staden bystatus med namnet Batalpasjinsk. Namnet vart i 1934 endra til Sulimov, i 1937 til Jezjovo-Tsjerkessk og om sider Tsjerkessk i 1939.

I byen bur det tsjerkessarar, karatsjaiar, russarar, abazinarar, nogaiar og minoritetar av grekarar og armenarar.

Tsjerkessk er administrativt, politisk, økonomisk og kulturelt senter for Republikken Karatsjajevo-Tsjerkessia. Av industri i byen finn ein elektroindustri, produksjon av lærvarer og næringsmiddelindustri. Byen har fleire høgare utdanningsinstitusjonar.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tsjerkessk