Kuban (russisk Кубань, adygisk Псыж, Psyzj) er ei elv i Russland i Nord-Kaukasus. Ho renn gjennom Karatsjajevo-Tsjerkessia, Stavropol kraj, Krasnodar kraj og Adygia.

Kuban
elv
Kuban i Krasnodar
Land  Russland
Nedslagsfelt 57 900 km²
Lengd 870 km
Kjelde Nord-Kaukasus
Munning Azovhavet
Kart
Kuban
43°27′40″N 42°05′46″E / 43.4611°N 42.0961°E / 43.4611; 42.0961
Kart som viser Kuban.
Kart som viser Kuban.
Kart som viser Kuban.
Wikimedia Commons: Kuban River

Kuban har ei lengd på 870 km og har kjelda si nær Elbrus i Kaukasus og munnar til slutt ut i Azovhavet. Elva har eit nedslagsfelt på 57 900 km². Nesten heile elva kan nyttast til skipsfart. Av byar langs Kuban finn ein Karatsjajevsk, Tsjerkessk, Nevinnomyssk, Armavir, Ust-Labinsk, Krasnodar og Temrjuk. Slavjansk-na-Kubani ligg faktisk ikkje ved Kuban, men ved elva Protoka.

Elva renn mellom anna gjennom Krasnordaskjoe-reservoaret. Det er bygd fleire vasskraftverk langs elva, som Kuban Kaskad, Zelentsjuskije, Kursjavskije, Barsutskovskije og Sengilejevskije GZS med ein total kapasitet på meir enn 620 MW.

Kjelder

endre