Tsjystjakove eller Torez er ein by i Donetsk oblast i Ukraina. Byen har kring 80 000 innbyggjarar (2010). Dei fleste innbyggjarane arbeider i gruveindustrien, sjølv om talet på arbeidarane har minka dei siste åra. Sidan 2014 har han vore kontrollert av den såkalla folkerepublikken Donetsk.

Tsjystjakove
ukrainsk Чистякове, russisk Чистяково
Торез, Torez
by
Flagg
våpen
Land  Ukraina
oblast Donetsk oblast
Del av Russian-occupied territories of Ukraine
Koordinatar 48°01′N 38°38′E / 48.017°N 38.633°E / 48.017; 38.633
Areal 105,8 km²
Folketal 82 900  (2010)
Folketettleik 784 / km²
Grunnlagd 1778
Borgarmeister Viktor Mikhailovytsj Antonov
Kart
Tsjystjakove
48°01′25″N 38°37′45″E / 48.023480555556°N 38.629225°E / 48.023480555556; 38.629225
Wikimedia Commons: Torez
Nettstad: http://www.torez.info/

Byen skifta namn frå Tsjystjakove til Torez til ære for leiaren i Det franske kommunistpartiet Maurice Thorez, i 1964, året han døydde. Ukrainske styresmakter endra i 2016 namnet på byen attende til «Tsjystjakove»,[1] men dei ikkje har reell kontroll over byen.

Historie endre

Byen Tsjystjakove vart grunnlagd i 1778 som ein liten busetnad ved samløpet mellom elvane Sevostjanivka og Orlova av flyktande liveigne frå forskjellige område i Ukraina og sør i Det russiske imperiet.

Frå 1860-åra vart byen eit senter for kolgruvedrift.

Russiskvennlege separatistar tok kontroll over Torez i juni 2014.[2] 17. juli 2014 vart Malaysia Airlines Flight 17 skoten ned og krasja i nærleiken av byen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre