Tubular Bells III

Tubular Bells III
Studioalbum av Mike Oldfield
Språk inkje språkleg innhald
Utgjeve 31. august 1998
Innspelt Ibiza (desember 1996 til mars 1998)
London (april 1998 til juni 1998)
Sjanger New-age, progressiv rock, elektronisk, chill out
Lengd 46:36
Selskap Warner Music UK
Produsent Mike Oldfield
Mike Oldfield-kronologi 
Voyager
(1996)
Tubular Bells III Guitars
(1999)


Singlar frå Tubular Bells III
  1. «Man in the Rain»
    Utgjeve: 5. oktober 1998
  2. «Far Above the Clouds»
    Utgjeve: 12. april 1999

Tubular Bells III er det 18. studioalbumet til Mike Oldfield, gjeve ut i 1998 av Warner Music UK. Det var ein oppfølgjar til Tubular Bells frå 1973 og Tubular Bells II frå 1992, og kom ut i høve 25-årsjubileet til det første Tubular Bells-albumet.

Oldfield skapte albumet då han budde på Ibiza, og har sagt at inspirasjonen for somme av dei elektroniske elementa kom frå musikkstilane han høyrde på barane og klubbane på øya.[1]

I motsetnad til Tubular Bells II, har ikkje Tubular Bells III eit mønster frå dei to stykka frå originalen, men refererer i staden til noko musikk frå dette albumet.[2] Til dømes refererer «The Source of Secrets» til «Introduction»-delen på originalalbumet,[3] og «Far Above the Clouds» refererer til «Finale» av «Tubular Bells (Part One)».[1]

Vokalistar

endre

Songane «The Source of Secrets», «Jewel in the Crown» og «Secrets» har Amar som vokalist. Oldfield kan høyrast på «Outcast». «The Inner Child» vart sungen av Luar Na Lubre-vokalisten Rosa Cedrón og «Man in the Rain» av den irske visesongaren Cara Dillon.

Mottaking

endre
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic     [4]
Q     [5]

Tubular Bells III er det minst suksessrike av dei tre Tubular Bells-albuma, men nådde fjerdeplassen på den britiske albumlista, medan dei to andre toppa lista. Albumet fekk blanda kritikk. Mange kommenterte likskapen mellom «Man in the Rain» og hitten «Moonlight Shadow».

Innhald

endre

Alle spor av Mike Oldfield.

Nr.TittelLengd
1.«The Source of Secrets»5:35
2.«The Watchful Eye»2:09
3.«Jewel in the Crown»5:45
4.«Outcast»3:49
5.«Serpent Dream»2:53
6.«The Inner Child»4:41
7.«Man in the Rain»4:03
8.«The Top of the Morning»4:26
9.«Moonwatch»4:25
10.«Secrets»3:20
11.«Far Above the Clouds»5:30

Salslister

endre
Liste (1998) Plassering
UK Albums Chart 4

Salstrofé og salstal

endre
Region Salstrofé Salstal
Spania(PROMUSICAE)[6] 4× Platina 400 000^
Storbritannia (BPI)[7] Gull 100 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Mike Oldfield - «Music doesn't mean anything if it has no soul, no heart.»». Carlos Finaly. August 1998. Henta 7. april 2015. 
  2. «The Bells Toll». Dagsavisen. 9. september 1998. Henta 4. juli 2020. 
  3. «I know I'm unstable. I accept that.». The Daily Telegraph. 31. august 1998. Henta 4. juli 2020. 
  4. Tubular Bells IIIAllmusic
  5. Rib Beattie (October 1998). «He Only Sells Records When He Calls Them Tubular Bells». Q. Henta 4. juli 2020. 
  6. Salaverrie, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (PDF) (på spansk) (1st utg.). Madrid: Fundación Autor/SGAE. s. 952. ISBN 84-8048-639-2. Henta 14. mai 2019. 
  7. «British album salstrofé – Mike Oldfield – Tubular Bells 3». British Phonographic Industry. Henta 14. mai 2019.  Enter Tubular Bells 3 in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go