Mike Oldfield

britisk komponist

Michael Gordon Oldfield (fødd 15. mai 1953)[1] er ein engelsk multi-instrumentalist og komponist. Musikken hans blandar progressiv rock med verdsmusikk, folk, klassisk, elektronisk, ambient og new-age-musikk. Den største kommersielle suksessen hansvar debutalbumet frå 1973, Tubular Bells – som lanserte Virgin Records og vart ein hit i Amerika etter at opninga vart nytta som tema for skrekkfilmen Eksorsisten. I 1983 gav han ut hitsingelen «Moonlight Shadow»[2] og ei utgåve av julestykket «In Dulci Jubilo».

Mike Oldfield

Oldfield på Night of the Proms i 2006
Fødd15. mai 1953 (70 år)
FødestadReading i England
FødenamnMichael Gordon Oldfield
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1967
SjangerProgressiv rock, verdsmusikk, folk, klassisk, ambient, new-age, pop, eksperimentell, minimalistisk
InstrumentGitar, bass, banjo, mandolin, klaverinstrument, vokal, harpe, pauker, trommer, røyrbjøller
Tilknytte artistarMaggie Reilly, Kevin Ayers, Robert Wyatt, Alex Harvey, David Bedford, Anita Hegerland, Pekka Pohjola
PlateselskapVirgin, Reprise/Warner Bros., Mercury/Virgin EMI/Universal
Verka somMusikar, låtskrivar, produsent, speldesigner
Sambuar medAnita Hegerland
PrisarGrammy Award for Best Instrumental Composition

Oldfield har gjeve ut 26 album, og det siste albumet hans så langt var ein oppfølgjar til Ommadawn frå 1976, kalla Return to Ommadawn, den 20. januar 2017.

Tidleg liv endre

Oldfield vart fødd 15. mai 1953 i Reading av Raymond Oldfield, ein allmennlege, og Maureen (fødd Liston), ein irsk sjukepleiar.[3][4] Han har to eldre sysken, systera Sally og broren Terence.[5] Då Oldfield var sju år gammal fekk han ein yngre bror, David, med Downs syndrom som døydde då han var spedbarn. Mora fekk barbiturat, som ho vart avhengig av. Ho sleit med den mentale helsa og var mykje inne på institusjonar resten av livet. Ho døydde tidleg i 1975, kort tid etter Oldfield hadde byrja å skrive Ommadawn.[6][7]

Oldfield gjekk på St Joseph's Convent School, Highlands Junior School, St Edward's Preparatory School,[8] og Presentation College, alle i Reading. Då han var tretten år gammal flytta familien til Harold Wood, då i Essex, og Oldfield gjekk på Hornchurch Grammar School der han byrja å utvikla det musikalske talentet sitt.[9]

Oldfield byrja å spele gitar då han var ti år gammal, først på ein 6-strengs akustisk gitar som faren gav han.[10] Han lærte seg å spele ved å etterlikne delar av songar frå visegitaristane Bert Jansch og John Renbourn som han spelte på ein berbar kassettspelar. Han prøvde å lære seg notar, men var «ein særs, særs treg elev». Han sa «Om eg må kan eg skrive ting ned. Men eg likar det ikkje».[11] Då han var 12 byrja Oldfield å spele elektrisk gitar og spele i lokale vise- og ungdomsklubbar, og fekk så mykje som fire pund per konsert.[10][11][12] I løpet av ein seks månadar lang pause frå musikken på denne tida, byrja Oldfield med måling. I mai 1968, då Oldfield var femten, kravde rektoren på skulen hans at han skulle klyppe det lange håret sitt. Oldfield nekta og slutta brått. Han fokuserte så på musikk på fulltid og vart profesjonell artist.[9][10]

Karriere endre

1968–1972: Tidleg karriere endre

Etter han forlet skulen, aksepterte Oldfield ein invitasjon frå systera Sally om å danne ein viseduo kalla The Sallyangie, som tok namnet frå førenamnet hennar og ein av favorittsongane til Oldfield av Jansch, «Angie».[13] Dei turnerte i England og Paris og fekk ein plateavtale med Transatlantic Records, og spelte inn eitt album, Children of the Sun (1969). Etter dei vart oppløyst året etter fekk Oldfield eit nervøst samanbrot. Han prøvespelte som bassist for Family i 1969 etter at Ric Grech slutta, men gruppa var ikkje like entusiastisk som Roger Chapman til Oldfield.[14] Mykje av det neste året budde Oldfield heime hos faren og spelte i det elektriske rockebandet Barefoot i lag med broren Terry på fløyte, før gruppa vart oppløyst tidleg i 1970.[15][16]

I februar 1970 prøvespelte Oldfield som bassist i The Whole World, eit nytt band for den tidlegare Soft Machine-vokalisten Kevin Ayers. Han fekk jobben trass i at bass var eit nytt instrument for han, men han spelte òg stundom sologitar. Seinare såg han på denne tida som ei nyttig læretid på bass.[17][11] Oldfield spelte på Ayers-albuma Shooting at the Moon (1970) og Whatevershebringswesing (1971), og mandolin på Edgar Broughton Band (1971).[16] Dessetre albuma vart alle spelte inn i Abbey Road Studios, der Oldfield gjorde seg kjend med forskjellige instrument, som orkesterperkusjon, piano, Mellotron og cembalo, og byrja å skrive og setje ned sine eigne musikalske idear.[11] Medan han heldt på med dette vart Oldfield reservegitarist i sceneproduksjonen av Hair i Shaftesbury Theatre, der han spelte i lag med Alex Harvey. Etter ti framføringar gjekk Oldfield lei av jobben og fekk sparken då han valde å spele sin del av «Let the Sunshine In» i 7/8-takt.[11][12]

I midten av 1971 sette Oldfield saman eit demolydband som bestod av ein lang instrumental som vart kjend som «Tubular Bells (Part One)». I starten hadde han berre namnet «Opus One». Etter fleire forsøk på å overtyde plateselskap om å ta i mot prosjektet, gjekk Oldfield i september 1971, då han var studiomusikar og bassist for Arthur Louis Band, i studio i The Manor Studio nær Kidlington i Oxfordshire, eigd av forretningsmannen Richard Branson og driven av lydteknikarane Tom Newman og Simon Heyworth.[12] Branson hadde alt fleire forretningar og var i ferd med å lansere Virgin Records med Simon Draper. Newman og Heyworth høyrde somme av demoane til Oldfield og tok dei med seg til Branson og Draper, som til slutt gav Oldfield ei veke med innspelingstid i The Manor. I løpet av denne veka fullførte han «Part One» av Tubular Bells; «Part Two» vart sett saman mellom februar og april 1973.[18]

1972–1979: Kontrakt med Virgin og Tubular Bells endre

Mot slutten av januar 1973 gjekk Branson med på å gje ut Tubular Bells sjølv og sikra Oldfield ein avtale for seks album med Virgin, i tillegg til potensielt fire album til.[19] Tubular Bells kom ut 25. mai 1973 som det første albumet på Virgin. Oldfield spelte meir enn tjue forskjellige instrument på innspelinga, som vart spelt inn bit for bit og lag på lag, og i stilar som gjekk over fleire musikalske sjangrar. I Storbritannia har albumet selt over 2,6 millionar eksemplar, som gjer det til det 34. mest selte albumet i landet. Tittelsporet vart ein hitsingel i USA etter at opninga vart nytta i filmen Eksorsisten i 1973. I dag vert albumet rekna som ein føregangar for new-age-musikkrørsla.[20]

I 1974 spelte Oldfield gitar på det kritikarroste albumet Rock Bottom av Robert Wyatt.

Seint i 1974 gjekk oppfølgjaren hans, Hergest Ridge, til topps i Storbritannia i tre veker, før det vart skuve ned frå lista av Tubular Bells. Sjølv om Hergest Ridge kom ut over eit år etter Tubular Bells, nådde det toppen av albumlista først. Tubular Bells låg 11 veker (ti av dei samanhengande) på andreplassen før det låg ei veke på toppen av lista. Som Tubular Bells, består Hergest Ridge av to instrumentale stykke, men denne gongen med bilete frå bustaden til Oldfield i Herefordshire. Albumet vart følgd i 1975 av det nyskapande verdsmusikkstykket Ommadawn som kom ut etter mora Maureen døydde.[12][21]

I 1975 spelte Oldfield inn ein versjon av julemusikkstykket «In Dulci Jubilo» som nådde fjerdeplassen i Storbritannia.

I 1975 fekk Oldfield Grammy-prisen for beste instrumental for «Tubular Bells – Theme from The Exorcist».

I 1976 gjekk Oldfield og systera saman med venen og bandmedlemmet Pekka Pohjola for å spele på albumet hans Mathematician's Air Display, som kom ut i 1977. Albumet vart spelt inn og redigert i Oldfiel sitt Througham Slad Manor i Gloucestershire av Oldfield og Paul Lindsay.[22] Oldfield si utgåve av «Portsmouth» er den største hitten hans på UK Singles Chart, der han nådde tredjeplassen.[23]

Oldfield spelte inn det doble albumet Incantations mellom desember 1977 og september 1978 og introduserte meir variert korsong frå Sally Oldfield, Maddy Prior og Queen's College Girls Choir. Då det kom ut 1. desember 1978, nådde albumet 14. plassen i Storbritannia og selde til platinaplate der for 300 000 selte eksemplar.

I juni 1978, under innspelinga av Incantations, fullførte Oldfield og dei to syskena hans eit tredagars Exegesis-seminar, eit kontroversielt sjølvhevdingsprogram basert på læra til Werner Erhard. Opplevinga hadde stor effekt på personlegdomen til Oldfield, som hugsa det som å bli «fødd på ny» gjennom å leve opp att frykt frå fortida. «Det var som å opne nokre enorme katedraldører og møte monsteret, og eg såg at monsteret var meg sjølv som eit nyfødd barn, fordi eg starta livet i panikk.»[16][24] Etter Exegesis-seminaret byrja den tidlegare så tilbaketrekte Oldfield å gjere intervju, poserte naken for ei fotografering for Incantations, og gjekk ut og drakk med journalistar. Han vann òg over flyfrykta si, tok flysertifikat og kjøpte seg sitt eige fly.[25]

1979–1991: Første turné og musikalsk endring endre

I 1979 la Oldfield ut på turné med Incantations i Europa og heldt 21 konsertar mellom mars og mai 1979. Turneen vart dokumentert med eit konsertalbum og ein konsertfilm, Exposed. I starten vart albumet berre avgrensa til 100 000 eksemplar, men dei sterke sala overtydde Virgin om å trykke albuemt i vanleg produksjon.[16]

Musikken til Oldfield vart nytta i The Space Movie (1980), ein Virgin Films-produksjon som feira tiårsjubileet til Apollo 11.[26] I 1979 spelte han inn ein versjon av kjenningsmelodien for barne-TV-programmet Blue Peter, som vart nytta for shoet i ti år.[27]

Det femte albumet til Oldfield, Platinum, kom ut i november 1979 og markerte starten på ein overgang frå lange komposisjonar mot meir streit og popaktig musikk. Oldfield spelte i Europa mellom april og desember 1980.

I 1980 gav Oldfield ut QE2, kalla oppetter MS «Queen Elizabeth 2», med gjestemusikarar som Phil Collins på trommer. Dette vart følgd opp av ein turné i Europa i 1981, då Oldfield aksepterte ein invitasjon til å spele på ein gratiskonsert i høve bryllaupet til prins Charles og Lady Diana i Guildhall. Han skreiv ein ny song, «Royal Wedding Anthem», for høvet.[16]

Det neste albumet hans, Five Miles Out, kom ut i mars 1983 med den 24 minuttar lange songen «Taurus II» på side ein. Den påfølgjande turneen gjekk frå april til desember det året. På Crises fortsette Oldfield mønsteret med ein lang komposisjon i lag med kortare songar. Den første singelen frå albumet, «Moonlight Shadow», med Maggie Reilly på vokal, vart ein av dei største hittane til Oldfield, og nådde fjerdeplassen i Storbritannia[16] og gjekk til topps i ni andre land. Den påfølgjande turneen i 1983 vart avslutta med ein konsert på Wembley Arena for å feire tiårsjubileet til Tubular Bells.

Oldfield fokuserte så på film og video og skreiv musikken for Roland Joffé-filmen The Killing Fields og produserte mykje videomateriale for albumet Islands. Islands fortsette det Oldfield hadde gjort på dei siste albuma sine, med ein lang instrumental på side ein og rock/pop-singlar på den andre. Av desse vart «Islands», sungen av Bonnie Tyler og «Magic Touch», med vokal av Max Bacon (på den amerikanske versjonen) og Glasgow-vokalisten Jim Price (Southside Jimmy) i resten av verda,[28] vart store hittar. I USA nådde «Magic Touch» topp 10 på Billboard album rock-lista i 1988. I 1980-åra song den dåverande kona til Oldfield, den norske songaren Anita Hegerland, på mange av songane hans, inkludert «Pictures in the Dark».

I juli 1989 kom Earth Moving ut med sju forskjellige vokalist på dei ni spora på albumet.[16] Det er det første og siste albumet til Oldfield med berre kortare rock- og popsongar. Fleire av dei kom ut på singlar: «Innocent» og «Holy» i Europa og «Hostage» i USA.

For det neste, instrumentale albumet, insisterte Virgin på at Oldfield skulle bruke tittelen Tubular Bells 2. Oldfield stritta i mot og svarte med å gje ut Amarok, eit times langt verk med mange forskjellige tema, uventa utbrot av støy og ei fornærmande melding skjult i morse, som sa «Fuck off RB», visstnok retta mot Branson.[29][30] Oldfield gjorde alt han kunne for å gjere det umogeleg å lage utdrag frå albumet og Virgin svara med å nesten ikkje marknadsføre albumet i det heile.[31]

I februar 1991 gav Oldfield ut det siste albumet sitt for Virgin, Heaven's Open, under namnet «Michael Oldfield». Det var første gongen han sjølv song all solovokal. I 2013 inviterte Oldfield Branson til opninga av St. Andrew's International School of The Bahamas, der to av barna til Oldfield var elevar. Høvet var debutframføringa av Tubular Bells for Schools, ein pianosoloversjon av verket til Oldfield.[32]

1992–2003: Warner-åra endre

Tidleg i 1992 sikra Oldfield seg Clive Banks som ny manager og fleire plateselskapsjefar lytta til demoen hans av Tubular Bells II heime hos han. Oldfield fekk kontrakt av Rob Dickins i WEA Warner og spelte inn albumet med Trevor Horn som produsent.[14] Albumet kom ut i august 1992 og gjekk til topps i Storbritannia. Konsertpremieren var 4. september i Edinburgh Castle, som kom ut på video som Tubular Bells II Live. Oldfield turnerte med albumet i både 1992 og 1993, den første turneen hans sidan 1983. I april 1993 hadde albumet selt over tre millionar eksemplar verda over.[25]

Oldfield fortsette med nye musikalske idear og The Songs of Distant Earth (basert på Arthur C. Clarke-romanen med same namn) hadde ein rolegare new-age-stil. I 1993 fekk han òg ein asteroide, 5656 Oldfield, kalla opp etter seg.[33][34]

I 1995 gav Oldfield ut det keltisk-aktige albumet Voyager. I 1992 møtte Oldfield Luar na Lubre, ei gælisk-keltisk folkeband (frå A Coruña i Spania), med songaren Rosa Cedrón. Bandet vart populiært etter at Oldfield spelte songen deira «O son do ar» på albumet Voyager.

I 1998 produserte Oldfield det tredje Tubular Bells-albumet (òg først framført under ein konsert, denne gongen Horse Guards Parade i London), basert på dance-miljøet på det som då var heimstaden hans på øya Ibiza. Dette albumet var inspirert av tema frå Tubular Bells, men hadde ikkje den todelte strukturen.

I 1999 gav Oldfield ut to album. Det først, Guitars, brukte gitarar som kjelde for alle lydane på albumet, inkludert perkusjon. Det andre, The Millennium Bell, etterlikna ei rekkje musikkstilar som representerte forskjellige historiske periodar det siste tusenåret. Verket vart framført i Berlin for feiringa av overgangen frå 1999 til 2000.

I repertoaret sitt la han til MusicVR-prosjektet, som kombinerte musikken hans med eit virtuell røyndom-basert dataspel. Det første verket hans for prosjektet var Tr3s Lunas som kom i 2002, eit virtuelt spelt der spelaren kan samhandle med ei verd full av musikk. Dette prosjektet kom ut på ein dobbel-CD, ein med musikk og det andre med spelet.

I 2002 og 2003 spelte Oldfield inn Tubular Bells på nytt med moderne utstyr i høve 30-årsjubileet til originalen. Han hadde ønskt å gjere det fleire år før, men kontrakten hans med Virgin hindra han i dette.[35] På denne nye versjonen var John Cleese seremonimeister, sidan Viv Stanshall, som snakka på originalen, hadde døydd i mellomtida. Tubular Bells 2003 kom ut i mai 2003.

Sidan 2004: Mercury-åra endre

Den 12. april 2004 lanserte Oldfield det nestevirtuelle røyndomsprosjektet Maestro, med musikk frå Tubular Bells 2003 og noko ny chillout-musikk. Spelet har sidan blitt gjort tilgjengeleg gratis på Tubular.net.[36] Det doble albumet Light + Shade kom ut på Mercury Records i 2005, som Oldfield nyleg hadde signert ein avtale for tre album med. Dei to platene inneheld musikk med forskjellige stemningar, ein avslappande (Light) og den andre meir skarp og trist (Shade). Oldfield var ein av hovudattraksjonane på den europeiske Night of the Proms-turneen, som bestod av 21 konsertar i 2006 og 2007.[37]

Sjølvbiografien Changeling kom ut i mai 2007 på Virgin Books.[38] I mars 2008 gav Oldfield ut det første albumet sitt med klassisk musikk, Music of the Spheres. Karl Jenkins assisterte med orkestreringa.[39] Den første veka etter albumet kom ut, toppa det UK Classical chart og nådde niandeplassen på den britiske albumlista. Ein singel, «Spheres»,med ein demoversjon av stykke frå albumet, kom ut digitalt. Albumet vart nominert til beste klassiske album i Storbritannia i 2009.

I 2008, då den 35 år lange avtalen med Virgin Records enda, gjekk rettane til Tubular Bells og dei andre Virgin-utgjevingane hans attende til Oldfield,[40] og vart så overført til Mercury Records.[36] Mercury byrja så å gje albuma ut på ny med arkivmateriale som bonusspor.[41] Mal:As of i tillegg samlealbum som Two Sides.[42][43]

I mars 2010 rapporterte Music Week at forlaget Stage Three Music hadde kjøpt 50 % av eigarskapen i songane til Oldfield for eit sjusifra beløp.[44][45][46]

I 2008 laga Oldfield ein eksklusiv song («Song for Survival») for det veldedige albumet Songs for Survival, til støtte for Survival International.[47] Dottera til Oldfield, Molly, spelte ei stor rolle i prosjektet.[48] I 2010 sa tekstforfattaren Don Black at han hadde arbeidd med Oldfield.[49] I 2012 var Oldfield med på Terry Oldfield-albumet Journey into Space og eit spor kalla «Islanders» på York-prosjektet til den tyske produsenten Torsten Stenzel. I 2013 miksa Oldfield og York eit album kalla Tubular Beats.

Under opningsseremonien for sommar-OL 2012 framførte Oldfield utgåver av Tubular Bells, «Far Above the Clouds» og «In Dulci Jubilo».[12] Dette sporet kom ut på Isles of Wonder med musikk frå showet.

I oktober 2013 sende BBC Tubular Bells: The Mike Oldfield Story, ein times lang dokumentarfilm om livet og karrieren til Oldfield, filma i heimestudioet hans i Nassau.[50]

Det seinaste rockealbumet til Oldfield, Man on the Rocks, kom ut 3. mars 2014 på Virgin EMI. Albumert var produsert av Steve Lipson. Sporet «Nuclear» vart nytta i E3-traileren til videospelet Metal Gear Solid V: The Phantom Pain.

Det seinaste albumet til Oldfield, Return to Ommadawn, kom ut 20. januar 2017 og nådde fjerdeplassen på UK Album Chart.[51] Seinare hinta Oldfield om eit Tubular Bells 4-album på den offisielle fansida på Facebook. Han la opp eit bilete av nytt utstyr og ein ny Fender Telecaster med biletteksten «Nye lydar for TB4!»[52]

Diskografi endre

For meir om dette emnet, sjå diskografien til Mike Oldfield.

Studioalbum

Kjelder endre

  1. Larkin, Colin (2006). «Oldfield Mike». Encyclopedia of Popular Music (4th utg.). Oxford University Press. ISBN 9780199726363. Arkivert frå originalen 3. november 2018. Henta 24. juni 2020. 
  2. «Mike Oldfield profile». Decca. Arkivert frå originalen 6. oktober 2011. Henta 23. august 2011. 
  3. Miles, Rob. «Ommadawn». amarok.ommadawn.net. Arkivert frå originalen 10. juli 2016. Henta 11. juli 2008. 
  4. Beer, Alice (25. august 2002). «Interview with Mike Oldfield from BBC 1's Heaven and Hearth». Heaven and Earth. Henta 24. juni 2020 – via Tubular.net. 
  5. Dewey 2013, s. 8.
  6. Show, William (December 1992). «Saved by the Bells». Details. Henta 24. juni 2020 – via Tubular.net. 
  7. Powell, Mark (1975). Ommadawn [2010 Reissue] (Booklet essay). Mercury Records. s. 3–5, 7–9. 532 676-2. 
  8. Oldfield, Mike (2007). Changeling. Virgin Books. ISBN 978-1-85227-381-1. 
  9. 9,0 9,1 Moraghan 1993, s. 11–12.
  10. 10,0 10,1 10,2 «Mike Oldfield: A Rare Interview With The English Guitarist, Studio Wizard, and Composer of «Tubular Bells»». Guitar Player. 1978. Henta 24. juni 2020 – via Tubular.net. 
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 11,4 Buskin, Richard (April 2013). «Classic Tracks: Mike Oldfield Tubular Bells». Sound on Sound. Arkivert frå originalen 25. juni 2020. Henta 24. juni 2020. 
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 12,4 «Mike Oldfield, The First Time With... - BBC Radio 6 Music». BBC. 
  13. Moraghan 1993, s. 12.
  14. 14,0 14,1 Two Sides: The Very Best of Mike Oldfield. Mercury Records. 2012. 5339182. 
  15. Moraghan 1993, s. 13.
  16. 16,0 16,1 16,2 16,3 16,4 16,5 16,6 Thompson, Dave (18. juli 1997). «Not Totally Tubular». Goldmine. Henta 24. juni 2020 – via Tubular.net. 
  17. Moraghan 1993, s. 14.
  18. «The Making of Tubular Bells». Q. August 2001. Henta 12. januar 2012. 
  19. Ewing, Sarah (20. januar 2013). «Mike Oldfield: 'Tubular Bells made me a million but the tax bill came to £860,000'». The Telegraph. Henta 24. juni 2020. 
  20. Birosik, Patti Jean (1989). The New Age Music Guide. Collier MacMillan. s. 138. ISBN 0-02-041640-7. 
  21. «Amadian - The Mike Oldfield Biography (II) website». Arkivert frå originalen 24. januar 2021. Henta 24. juni 2020. 
  22. «Pekka – The Mathematician's Air Display». discogs. Henta 24. juni 2020. 
  23. «Mike Oldfield – «Portsmouth»». EveryHit. Henta 24. juni 2020. 
  24. Dallas, Karl (25. november 1978). «Mike Oldfield: This is the Year of the Expanding Man...». Melody Maker. Henta 24. juni 2020 – via Rock's Backpages. 
  25. 25,0 25,1 Nevin, Charles (4. april 1993). «Sound as a bell». The Independent. Henta 24. juni 2020. 
  26. «The Space Movie website». Arkivert frå originalen 17. mai 2010. Henta 24. juni 2020. 
  27. «Blue Peter's theme tune». BBC New Talent. April 2007. Henta 24. juni 2020. 
  28. «Southside Jimmy Biography». Southside Jimmy. Arkivert frå originalen 18. desember 2008. Henta 2. november 2008. 
  29. «Mike Oldfield: 'We wouldn't have had Tubular Bells without drugs'». The Guardian. 20. mars 2014. Henta 24. juni 2020. 
  30. «FAQ». Tubular.net. Henta 24. juni 2020. 
  31. «Amarok». Dark Star Magazine. Henta 24. juni 2020. 
  32. «Famous faces for Bahamas debut of Tubular Bells for Schools». Tribune 242. 21. oktober 2013. Henta 24. juni 2020. 
  33. «Oldfield 5656». Harvard-Smithsonian Center for Astrophysics. Henta 24. juni 2020. 
  34. «Mike Oldfield Interview». BBC Radio 2. 9. september 1998. Henta 24. juni 2020. 
  35. Wherry, Mark (November 2002). «Mike Oldfield - Sound on Sound». Sound on Sound. Henta 24. juni 2020. 
  36. 36,0 36,1 «News Archives». Tubular.net. 3. juni 2005. Henta 26. mai 2008. 
  37. «Nokia Night of the Proms 2006». Night of the Proms. Henta 24. juni 2020. 
  38. «Craft: Mike Oldfield». Resolution Magazine. March 2007. Henta 24. juni 2020. 
  39. «Mike Oldfield artist details». Universal Classics and Jazz. Arkivert frå originalen 5. mars 2016. Henta 24. juni 2020. 
  40. Jackson, Alan (1. mars 2008). «Mike Oldfield regains control of Tubular Bells». Times Online. Arkivert frå originalen 1. desember 2008. Henta 5. april 2008. 
  41. «Universal press release – Tubular Bells». Mike Oldfield Information Service. 15. april 2009. Arkivert frå originalen 30. august 2009. Henta 24. juni 2020. 
  42. «Universal press release – Hergest Ridge and Ommadawn». The Official Mike Oldfield Information Service / Universal Music. Arkivert frå originalen 4. mai 2010. Henta 15. mai 2010. 
  43. «The next wave of Mike Oldfield Deluxe Editions is coming...». Mike Oldfield Official. 15. februar 2011. Henta 24. juni 2020. 
  44. «Seven-figure deal ties Oldfield to Stage Three». Music Week. 1. mars 2010. Henta 10. april 2010. 
  45. «News». Stage Three Music. 9. mars 2010. Arkivert frå originalen 23. mai 2010. Henta 10. april 2010. 
  46. «Roster». Stage Three Music. Arkivert frå originalen 23. mai 2010. Henta 10. april 2010. 
  47. «Coldplay and A-ha team up». Teletext. Arkivert frå originalen 26. august 2008. Henta 24. juni 2020. 
  48. «Survival Project – Album Track listing». Kensaltown Records. Arkivert frå originalen 16. februar 2012. Henta 24. juni 2020. 
  49. «Masterclass: Black's Magic». California Chronicle (Music Week). 2010. Henta 24. juni 2020. «I've just written with Mike Oldfield and he sent me Tubular Bells and I thought, «What goes with that?»» 
  50. «Tubular Bells: The Mike Oldfield Story». BBC. Henta 24. juni 2020. 
  51. «Official Albums Chart Top 100, 27. januar 2017 - 02. februar 2017». Henta 24. juni 2020. 
  52. «Mike Oldfield's official Facebook fan page». Henta 24. juni 2020. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Mike Oldfield
  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Mike Oldfield