Tudehpartiet (farsi حزب توده ایران (Hezb-e Tudeh Iran), 'Det iranske folkepartiet') er eit iransk politisk parti. Det vart skipa i 1941, med Soleiman Mohsen Eskandari som leiar.

Tudehpartiet
LandIran
Grunnlagt29. september 1941
HovudkvarterBerlin
Ideologikommunisme, marxisme-leninisme, stalinisme, venstrenasjonalisme Sjå dette på Wikidata

Det hadde mykje innverknad i dei første åra etter det vart skipa, og i kampen for å nasjonalisere Anglo-Iranian Oil Company.

Innverknaden vart mindre etter det USA-støtta statskuppet i 1953 mot den venstreorienterte statsministeren Mohammad Mossadegh. Partiet finst framleis, men i åra etter den islamistiske revolusjonen i Iran vart det svekt av sterk forfølging. Den islamistiske regjeringa slo hardt ned på partiet i 1982, og avretta mange av medlemene i 1988, da eit stort tal med politiske fangar vart drepne i Iran.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelde endre