Tulsa
(Omdirigert frå Tulsa i Oklahoma)
Tulsa er ein by i delstaten Oklahoma i USA, hovudsete for Tulsa fylke. Byen er med sine i kring 414 000 ibuarar den nest mest folkerike i delstaten, han ligg ved Arkansas-elva, om lag 60 km nordaust om Oklahoma City.
Tulsa | |||
by | |||
Midtbyen i Tulsa
| |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Del av | Green Country | ||
Areal | 520,790642 km² | ||
Folketal | 413 066 (1. april 2020)[1] | ||
Tulsa 36°07′53″N 95°56′14″W / 36.131388888889°N 95.937222222222°W | |||
Wikimedia Commons: Tulsa, Oklahoma |
Tulsa voks fram i den andre halvdelen av det 19. hundreåret. Etter funn av råolje i 1901, vart byen den største og viktigaste oljebyen i USA, ein posisjon han hadde til 1960-åra. Framleis har Tulsa ei sentral rolle i nasjonal tungindustri og energiforsyning.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Tulsa, Oklahoma» frå Wikipedia på engelsk, den 27. juli 2019.