Tunduma
Tunduma er ein by på grensa mellom Tanzania og Zambia. Han ligg i Mbeya-regionen i Tanzania. I byen er det grensestasjonar for både TanZam-vegen og TAZARA-jarnbana (som har stasjon der). Den ligg 113 km sørvest for Mbeya. Det var tidlegare eit vegkryss mellom grusvegar via Sumbawanga gjennom dei øyde vestlege distrikta i Tanzania til Kasulu og Kibondo i nordvest. Ved folketeljinga i 2002 hadde staden 34 461 innbyggjarar.[1]
Tunduma | |||
by | |||
Land | Tanzania | ||
---|---|---|---|
Region | Mbeya-regionen | ||
Tunduma 9°18′00″S 32°46′00″E / 9.3°S 32.7667°E |
Kjelder
endre- ↑ «2002 Population and Housing Census General Report». Government of Tanzania. Arkivert frå originalen 18. november 2008. Henta 18. august 2008.
- Denne artikkelen bygger på «Tunduma» frå Wikipedia på bokmål, den 19. oktober 2018.