Jarvegar i Tanzania
TAZARAs jernbanestasjon i Dar-es-Salaam.
TAZARA-lokomotiv

TAZARA-jarnbanen går frå Kaphiri Mposi i Zambia til havnebyen Dar-es-Salaam i Tanzania. Tanzania-Zambia Railway Authority vart grunnlagd tidleg på 1970-talet for å byggja ein jernbane som skulle forbinda Zambia, som vart sjølvstendig nasjon seks år tidlegare med resten av kontinentet. Banen skulle vera eit alternativt samband til havet i staden for den apartheiden-kontrollerte og no blokkerte samband gjennom Rhodesia og Sør-Afrika. Jarnbana vert òg kalla UHURU Railway etter swahili Fridom.

KonstruksjonEndra

Jarnbanen vart finansiert og bygd av Folkerepublikken Kina. Bygginga starta i 1970, og byggearbeidet tok seks år. Konstruksjonskostnader 500 million dollar.

LinjaEndra

Utgangspunktet til banen er hamnebyen Dar-es-Salaam. Han går 970 km gjennom Tanzania og 890 km gjennom Zambia. Jenbanestrekningen kryssar Zambias grense vest for Mbeya og vert forbunde med Zambia Railways ved Kapiri Mposhi. Lengda til banen er 1 860 km. Høgd over havet ved endepunktet er 1400 m.

Han vart bygd gjennom eit heller øyde og lite folkesett område. I kjølvatnet av jarnbana er det dukka opp industri og kraftverk, mellom anna ein gigantisk kraftstasjon i Kidatu og ein papirfabrikk i Rufiji. Linja kryssar TAN-ZAM vegen ved Makambako og løpar parallelt med vegen til Mbeya og grensa til Zambia ved Tunduma.

Linja er smalsporet med ein sporvidde på 1067 mm, og vart fullført i 1975. Det var dengong det største jarnbaneprosjektet sidan andre verdskrig. Ein delstrekning på 16 km mellom Mlimba og Makambako i Tanzania inneheld 30% av all jordforflytning, bruer og tunnelar. Tunnelane i Udzungwafjellene avgrensar vognenes lastekapasitet.

På det meste vart over 75 000 mann engasjert i utbygginga, kor ein tredel var kinesere. Det tekniske kompliserte prosjektet gav Kina ein enorm prestisje i Afrika.

Tekniske dataEndra

  • Største stigning: 2 %
  • Skinnevekt: 45 kg/m
  • Svilleavstand: 0,69 m
  • Svilletype: Betong
  • Minste kurveradius: 200 m
  • Sporvidde: 1067 mm
  • Maksimal toglengde: 600 m, 160 akslar
  • Vognene har koplingar i samsvar med amerikansk standard.

Rullande materiellEndra

Opphavleg var det 102 lokomotiv, 100 passasjervogner og 2 100 godsvogner ved TAZARA.

StasjonarEndra

  • Kapiri Mposhi, samband til Zambia Railways
  • Serenje
  • Mpika
  • Kasama, Zambia
  • Tunduma, Tanzania
  • Mbeya
  • Makambako
  • Mlimba
  • Ifakara
  • Kidatu, samband til Tanzanias jarnbane
  • Dar-es-Salaam, hamn

Samband med andre jarnbanerEndra

 
TAZARA-stasjonen i Ifakara

Banen har samband til det zambiske jernbanenettet i Kapiri Mposhi. Det har igjen samband vidare til Zimbabwe og Sør-Afrika og i nord, ved Ndola er det sambandet til Kongo slik at TAZARA har samband til heile jernbanenettet i Det sørlege Afrika og Sentralafrika. Jarnbana kan derimot ikkje knytast direkte til den jarnbana som forbind Tanzania med Kenya og Uganda frå Dar-es-Salaam, då denne banen har ein annan sporvidde, meterspor, 1000 mm. Ein overgangsstasjon er bygd i Kidatu der det vart bygd ein 108 km. langt sporsamband til Kilosa på jernbanenettet i Tanzania.

PrivatiseringEndra

På grunn av fallande trafikk vart regjeringane i dei to land i 2005 samde om å privatisera jarnbana. Mellom 1990 og 2003 er trafikken, spesielt godstrafikken vorte halvert (frå 1,2 millionar tonn til 630 000 tonn) og lokomotivparken må reparerast eller vert fornya for 25 millionar dollar. Beslutning om dette vert forventa å takast i løpet av 2006 og i betraktning av Kinas tidlegare engasjement på 1970-talet vert forventa det kinesiske interesser vil føretrekkast som ein eventull ny operatør.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra