Tungespatel
Tungespatel er eit enkelt hjelpemiddel, stort sett laga av trevyrke og med flat og smal form, som lækjarar brukar ved undersøking av munnhola og svelget til å skuva unna tunga for å få innsyn til bakre svelgvegg og tonsillane (mandlane). Lækjaren brukar også tungespatel til å halda tunga nede ved undersøking av nasesvelget — såkalla bakre rhinoskopi.