Tuppstake
Tuppstaken er ein svensk smijarnsljosestake som har røter frå 1600-talet. Kunstnaren Gustaf Ankarcrona designa modellen i byrjinga av 1900-talet. Staken var først produsert av smeden C J Grönlund som starta produksjon i 1904. I dag vert staken tilverka på Käck & Hedbys Smides AB i Leksand. Tuppstaken blir ofte gitt som gåve då hjarteforma ein finn på han symboliserer kjærleiken. Staken har òg andre symbol knytt til kristendommen.
Tuppstaken vart frimerkemotiv i jula 1995.
Symbol på tuppstaken
endre- Hjartet - Kjærleik
- Tuppa - Vaksamheit
- Taggane - Kristi tornekrone
- Dei ti hola - Dei ti bodorda
- Dei tre ljosa – Treeininga
- Dei tolv lauva – Dei tolv apostlane
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tuppstake» frå Wikipedia på svensk, den 23. januar 2011.
- Made in Dalarna. ISBN 9187466 76-7