Smed
Ein smed er ein handverkar som arbeider med metall. Namnet vert nytta både på dei som nyttar tradisjonelle og moderne verktøy og metodar.
Det finst fleire typar smedar, kjenneteikna av kva slags ting dei har spesialisert seg på å lage eller reparere. Ein plar skilje mellom finsmedar og grovsmedar. Ein grovsmed arbeider med jern og stål, og lagar eller reparerer for det meste større ting som til dømes rekkverk, gjerne utsmykka med smidde mønstre, eller grøvre reiskap, men òg mindre ting eller småting som til dømes hestesko, knivar, våpen og anna, og har vanlegvis arbeidsplassen sin i ei smie. Fabrikkframstilte produkt og moderne metodar har i stor grad ført til at dette er eit yrke i tilbakegang.
Finsmedar kallar helst arbeidsplassen sin for verkstad, og er:
- Gullsmedar, som arbeider med gull, sølv og andre edle metall, og lagar eller reparerer smykke og liknande
- Sølvsmedar, som arbeider hovudsaklege med sølv, og lagar smykke, bestikk og pyntegjenstandar
- Låsesmedar, som arbeider med låsar
Utdanning
endreI Noreg i dag er utdanninga til dette yrket innan utdanningsprogrammet Design og handverk. Ein må gå to år på skule og to år i lære ute i ei verksemd. Første skoleåret er Vg1 Design og handverk og andre skoleåret er Vg2 Smed. Ynskjer ein å utdanne seg til gullsmed eller sølvsmed må ein ta andre året Vg2 Design og gullsmedhandverk.
Historie
endreKunnskap om arbeide med metall var kjent i Norden allereie i byrjinga av bronsealderen. Funn av støypeformar viser at ein hadde kunnskap om å støype metall. Truleg har ein også kunna forme bronse med hammar, for eksempel når ein skulle forme nåler, spiralnåler og tynnplate. Då ein byrja med jarnproduksjon, og framstilling av reiskap, hadde ein allereie ei grunnleggjande kunne om å stelle med med metall. Jarnsmiing kan i Noreg sporast tilbake til byrjinga av jarnalderen (500 fvt. - 1000 evt.).
Jarnet vart nytta til våpen og reiskap. Funn av våpen og reiskap frå jarnalderen viser at smedane var dyktige handverkarar, og meistra faget fullt ut. Praktvåpen, særleg sverd, kunne vere rikt dekorerte, og hadde ofte innskrifter og dekor sveisa inn i sverdklinga (sverdbladet).
På 1500-talet byrja det å bli vanleg med utsmykking av portar og gitter i smijarn.
Teknikk
endreEin grovsmed jobbar som regel i ei smie, med ein open omn med ein haug av glødande kol, kalla ei esse (eit vanleg dialektord er smieavl), der varmen kan aukast ved å blåse luft konsentrert inn i glohaugen ved hjelp av ei vifte, eller i gamal tid, ved hjelp av blåsebelgar. Ein annan viktig gjenstand i smia er ambolten. Jarnet vert varma i essa ved hjelp av ein tang til å halde med, til det vert raudglødande. Så vert jernet lagt på ambolten, og arbeida med til ønska form med slag av hammar og elles bruk av diverse andre verktøy. Vanlegvis trengst det fleire oppvarmingar av emnet i essa før arbeidet er gjort.
Eggverktøy som knivar, økser, meislar o.l., må herdast for å kunne halde på ein skarp egg. Det skjer ved at stålet vert varma til det gløder kirsebærraudt (om lag 750 °C), og bråkjølast i væske, som regel vatn eller olje. Etter herdinga er stålet hardt som glas og kan lett brekke. Difor må det varmast opp igjen til 200-300 °C avhengig av kor hardt ein ynskjer reiskapen skal vere. Dette vert kalla anløpning. Berre stål som inneheld meir enn 0,3 % karbon kan herdast. Når karbonprosenten er høgare enn 4 % ver det kalla det støypejarn, som ikkje er smibar. Vanleg konstruksjonsstål har under 0,3% karbon, og kan ikkje herdast. Ein annan måte for å gjere stål hardare er kaldhamring. Denne teknikken kallast tynsling, og vart tidlegare ofte nytta på ljåar ved at smeden hamrar eggen kald, i staden for å nytta slipestein. Etterpå vart eggen bryna.
Smeden meistrar også andre teknikkar som klinking, sveising, lodding og mønstersmiing.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Smed» frå Wikipedia på bokmål, den 6. mars 2008.
Bakgrunnsstoff
endre- Design og handverk - Smed Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.
- Smedfaget Arkivert 2005-03-09 ved Wayback Machine. ved Høgskolen i Bergen
- Bergland, Håvard. Kunsten å smi: teknikk og tradisjon. Gyldendal yrkesopplæring, Oslo, 2000. ISBN 9788205274426
- Pehrson, Sjur Axel. Smedarbeid. Yrkeslitteratur, Oslo, 2009. ISBN 978-82-584-0594-5
- Hundeshagen, Hermann. 2004. Der Schmied am Amboss : ein praktisches Lehrbuch für alle Schmiede. Hannover: Vincentz Network GmbH. ISBN 9783878705819 ISBN 3878705816