Opna hovudmenyen

Turbopausen markerer grensa i jordatmosfæren der turbulens sluttar å dominere. Området under turbopausen er kjend som homosfæren, der kjemiske stoff og gassar er godt utblanda, og har meir eller mindre same fordeling i høgda. Altså er den kjemiske samansettinga til atmosfæren konstant under turbopausen. Området over turbopausen vert kalla heterosfæren, der molekylær diffusjon dominerer. Her vil den kjemiske samansettinga til atmosfæren endre seg med høgda.

Turbopausen ligg like over mesopausen og i grenseområdet mellom mesosfæren og termosfæren, i ei høgd på om lag 100 km.

ReferanseEndra