Termosfæren er eit lag av atmosfæren til Jorda, og ligg mellom mesosfæren og eksosfæren. I dette laget fører ultrafiolett stråling til ionisering (sjå òg ionosfæren). Termosfæren kjem frå det greske ordet θερμός (thermos) som betyr varme.

Laga i atmosfæren.

Temorsfæren startar 85 km over jordoverflata. Over dette nivået vil dei atmosfæriske gassane ikkje lenger vere uniformt utblanda, som dei er ved lågare høgder, men endre konsentrasjon med høgda ut i frå den molekylære massen (sjå turbosfæren). Temperaturen i termosfæren aukar med høgda fordi dei små mengdene med oksygen som finst i laget absorberer solstråling med høg energi. Kor høg temperaturen kan bli er avhengig av aktiviteten på sjølve Sola, og kan bli så høg som 2000 °C. Strålinga fører til at luftpartiklane i dette laget blir elektrisk lada (sjå ionosfæren), og fører til at radiobølgjer blir reflektert. Dette gjer at radiobølgjer kan sendast forbi horisonten. Eksosfæren ligg over termosfæren, og i dette laget, som byrjar mellom 500 til 1000 km over jordoverflata, går atmosfæren gradvis over til det ytre rom. Dei få gasspartiklane som finst øvst i termosfæren kan nå ein temperatur på 2500 °C om dagen. Sjølv om temperaturen blir så høg, vil ein ikkje kunne føle denne varmen. Eit termometer ville ha målt langt under 0 °C fordi avstanden mellom molekyla er stor her.

Sjå òg endre

Jordatmosfæren

  Troposfæren | Stratosfæren | Mesosfæren | Termosfæren | Eksosfæren  

  Tropopause | Stratopause | Mesopause | Eksobase  

  Ozonlaget | Turbopause | Ionosfæren