Turia
Sjå òg Turia i Covasna.
Turia | |||
elv | |||
Land | Spania | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 6 393,6 km² | ||
Lengd | 280 km | ||
Kjelde | Universalesfjella | ||
• høgd | 1 680 moh. | ||
Munning | Middelhavet | ||
Turia 39°33′56″N 0°35′33″W / 39.565536111111°N 0.59261666666667°W | |||
Wikimedia Commons: Turia River |
Turia (latinsk Turium, gresk Thyrion eller Thèrios, Θηριος) er ei elv i Spania som spring ut i provinsen Teruel. Ho renn gjennom provinsen Valencia og munnar ut i Middelhavet nær byen Valencia. Det første strekket av elva vert kalla Guadalaviar.
Etter ein katastrofal flaum i 1957 som gjekk hardt utover byen Valencia, vart elva delt i to vest i byen. Vatnet er ført inn i eitt nytt elvefar utanfor byen før ho renn ut i Middelhavet. Det gamle elvefaret ligg i dag tørt gjennom byen og er omgjort til ein park der syklistar og fotgjengarar kan kome seg gjennom det meste av byen utan å nytte vegar. Parken, som heiter Turiahagen (Jardí del Túria/Jardín del Turia) har mange små tjern, stiar, fontener, blomar, fotballbanar, kafear, kunstverk, klatreveggar, ein løpebane, ein zen-hage og meir. Mange bruer fører trafikken over parken.
Aust i parken ligg Gulliverparken (Parc Gulliver/Parque Gulliver), ein leikeplass for barn med ein stor glasfibermodell av Lemuel Gulliver knytt til bakken med tau. Modellen er konstruert slik at det er mogeleg å klatre i taua. I tillegg dannar kleda til Gulliver skiler og stigar som ein kan leike i. I aust finn ein òg Valencia musikkpalass (el Palau de la Música Valenciana).
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Turia River» frå Wikipedia på engelsk, den 2. mai 2009.